1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert aktivitetChevronRight
  4. FriluftslivChevronRight
  5. Friluftsliv i NoregChevronRight
  6. Arbeidsoppgåve om allemannsrettenChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Arbeidsoppgåve om allemannsretten

Teksten nedanfor handlar om ungdommar som er ute på tur. Dei rir, fiskar, plukkar bær, køyrer motorsykkel og søv i telt. Jobb saman to og to, les gjennom teksten og diskuter spørsmåla mellom avsnitta. Bla opp i brosjyren for å finna ut om ungdommane har lov til å gjera det dei gjer.

Rødt telt under spiss fjelltopp. Foto

Vi finn informasjon om allemannsretten her: Brosjyre om allemannsretten

Martine og Tonje er ute og rir med hestane sine i skogen. Dei synest det er herleg å ri der dei vil i skogen. Det er november, snøen er enno ikkje komen, men det er tele i bakken og fint å ri. Plutseleg kjem Simen og Anders springande. Dei hadde gått over eit pløgd jorde då grunneigaren hadde jaga dei. Jentene har med grillpølser og drikke og lurer på om gutane skal vera med og laga bål og grilla pølser.

  • Er det noko i dette avsnittet som ungdommane ikkje har lov til å gjera ut frå allemannsretten? Kva då?

Dei sit og kosar seg med maten og stilla då kosen brått vert broten ved at crossyklar på fri eksos kjem køyrande på stien. Det er Vidar og Kristian. Dei liker å «crossa» ute i skogen, helst på stiar og traktorvegar. Begge elskar grillpølser og set seg ved bålet saman med dei andre. Dei fortel til dei andre at dei låg i dette skogområdet i august saman med nokre kameratar. Dei hadde lege der i tre netter, berre hundre meter frå ei hytte der det hadde vore nokre jenter med familien sin. Dag og Vegard hadde fiska og plukka molter. Dei hadde kjøpt fiskekort, så det var i orden. Men dei hadde ikkje spurt grunneigaren om å få lov til å plukka molter.

  • Kva seier allemannsretten om telting i utmark?
  • Kan vi slå opp telt kvar vi vil, eller er det grenser?
  • Kan vi sova i telt på same staden i utmarka så lenge vi vil?
  • Er det nødvendig å spørja grunneigaren før vi plukkar molter i utmark?

Medan dei sit og kosar seg, kjem Kristina og Marie syklande på stien med off-road-syklane sine. Dei får også smaka grillpølser. Robin og Sondre er også i området. Dei jaktar rådyr, og dei synest det er flott å kunna bruka utmarka til jakt utan å spørja grunneigaren. Gutane har akkurat skote eit rådyr, og dei kallar opp Ole Kristian og Kjell Arne på jaktradioen for å be dei koma med firhjulingane og henta det skotne rådyret. Alle er einige om at det er fint å kunna bruka utmarka til litt av kvart utan å spørja grunneigaren. Det heiter allemannsretten, seier Tonje.

  • Kven kan jakta i utmarka?
  • Kva seier allemannsretten om motorisert ferdsel i utmarka?

Læringsressursar

Friluftsliv i Noreg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Elevar i friluft

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter