Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert aktivitetChevronRight
  4. FriluftslivChevronRight
  5. Friluftsliv i NoregChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Elevar i friluft

Det finst ikkje offisielle friluftslinjer på vidaregåande skular, men fagfeltet har ein sentral plass på naturbrukslinjer. Skular med idrettsfag kan også tilby fordjuping i friluftsliv. Ved å fordjupe seg i «naturviten» får elevane mykje friluftslivserfaring på vegen til generell studiekompetanse.

Ungdommer rundt bål. Foto.

Praten går livleg rundt bålet i skogen. Elevane ved Solør vidaregåande skule, avdeling Sønsterud, er vane til å vere på tur, og no er det hundekøyring som står på agendaen. Men først: Lunsj og kaffi.

Det blir hosting og harking når bålet begynner å ryke til alle kantar. Men å bruke tennbrikettar for å få skikkeleg varme, det er juks, slår elevane fast. Etter iherdig jobbing kan kaffikjelen plasserast på bålet, som verkeleg har fått opp dampen.

– Håret krøllar seg på leggene! flirer elev Fredrik Carlsson.

Snart blir eit spekt rådyrlår sendt rundt bålet, og dei fleste tek seg kjøtbit. Elevane har stått for alt frå jakting til speking av kjøtet. Alle har jegerprøven, og skulen disponerer eit eige jaktterreng – men ein må ikkje jakte for å gå der.

Utetime

Det finst ingen offisielle friluftslivslinjer på vidaregåande skular. Men fagfeltet har ein sentral plass på naturbrukslinjer, slik som på Sønsterud i Hedmark. Ved å fordjupe seg i «naturvitskap» får elevane mykje friluftslivserfaring på vegen til generell studiekompetanse. Skular med idrettsfag kan også tilby fordjuping i friluftsliv.

– Vår linje passar for dei som er glade i vere ute, og som er interessert i natur og miljø. Elevane lærer om naturressursar, jakt og fiske, ulike naturtypar, artar og økosystem. Vi viser fram mangfaldet i naturen og gir også ein smakebit på kva ein kan jobbe med seinare, seier Ragnhild Kjeldsen, faglærar i friluftsliv på Sønsterud.

Då skulen markerte opninga av friluftslivets år, sov elevane under open himmel. Dei lèt seg ikkje skremme av at kalenderen viste 13. januar – og at gradestokken oppførte seg deretter. På hundekøyringsturen i dag har dei med seg lavvo, og temperaturen blir nok litt meir behageleg.

– For oss er det friluftslivets år kvart år, smiler Kjeldsen.

Det er viktig at barn og unge får gode opplevingar i naturen, meiner klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H). Det offentlege bør prioritere denne aldersgruppa i arbeidet med friluftsliv, ifølgje ministeren.

– Friluftsliv er ei viktig kjelde til god livskvalitet og god helse, og til forståing for kvifor vi må ta omsyn til naturen, seier ho.

To ungdommer kjører hundespann. Foto.

Hundekøyring

Etter lunsj er det tid for å sele på hundane. Den lokale hundekøyraren Andreas Trongaard stiller med kunnskap, utstyr og hundar. Når dei firbeinte får ferten av at noko er på gang, blir det fort liv i leiren.

For dei fleste elevane er det første gong dei styrer eit hundespann. Det er det også for Amalie Madshus, som har gledd seg til turen lenge.

– Ja, eg er så glad i hundar, seier ho.

Det neste døgnet skal elevane ha ansvaret for stell og fôring.

Madshus fortel at ho er mykje ute også utanom skolen. Ho jaktar ein del, og heime har ho to elghundar. Madshus har ikkje teke noko karriereval enno, men vurderer om lærar kan vere noko.

Klassekamerat Carlsson har ein annan draum.

– Eg har lyst til å bli fangstmann eller jaktguide i Alaska, seier Carlsson, som har vore med på jakt sidan han var seks år gammal.

Studiekompetanse

Sidan naturvitarutdanninga gir generell studiekompetanse, kan elevane gå heilt andre retningar i den vidare utdanninga. Skulen har fostra både sjukepleiarar og skodespelarar.

– Uansett får elevane ein grøn plattform å byggje vidare på. Nokre blir lærarar og får nytte av det der. Andre har kanskje tenkt å overta garden heime, men skal ha ein annan jobb på si, seier Kjeldsen.

Eit godt og bevisst forhold til naturen er viktig uansett yrkesval, meiner faglæraren. – Ein tek vare på det ein er glad i. Men for å bli glad i noko, må ein lære det å kjenne, seier ho.

Statsråd Tine Sundtoft innrømmer at Noreg enno ikkje er i mål med å integrere friluftsliv i skuleundervisninga, verken på vidaregåande skule eller på andre nivå.

– Dette er eit arbeid og ei utvikling som går føre seg heile tida. Men eg er glad for at så mange skular no har friluftsliv som del av undervisninga, seier statsråd Sundtoft.

Stor interesse for friluftsliv

Friluftsliv i skolen er eit felt i utvikling. Feltet blir stadig meir integrert i kroppsøvingsfaget og i andre fag, som naturfag, ifølgje klima- og miljøminister Tine Sundtoft.

Ho trekkjer fram eksempelet Knut Hamsun vidaregåande skule i Nordland, som sidan 2013 har tilbode treårig friluftslivsfag. Studieretninga følgjer same modell som studieretning idrettsfag og gir generell studiekompetanse.

– Tilbodet er ei forsøksordning som skal gå over fem år. Søkinga til denne linja er i år veldig høg, det er mange fleire søkjarar enn det er plass til. Dette viser at interessa for å lære om natur og friluftsliv er stor blant unge i dag, seier Sundtoft.

Læringsressursar

Friluftsliv i Noreg

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter