Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. GartnarChevronRight
  5. Gartnaryrket – planteproduksjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Veksthus

I eit veksthus kan du dyrka planter heile året. Eit veksthus har regulert klima, det vil seia at temperatur, luftfukt, lys og næringstilførsel blir styrt etter det plantene treng. I eit veksthus er det vanleg med blomster-, tomat- eller agurkproduksjon. Plantedyrking i veksthus har høge kostnader.

Tomatplanter i drivhus. Foto.

Regulering av klima

Eit veksthus kan vera eit lite, enkelt hobbyhus eller store hus med avansert teknologi. I eit hobbyhus kan vi styra temperatur, luft, vatn, næringsstoff og andre behov manuelt, medan profesjonelle veksthus er utstyrte med følarar eller måleinstrument som fangar opp alle data, både ute og inne i huset. Alle målingar vert registrerte i ein PC som ved hjelp av dei rette programma styrer og regulerer alle forholda. Det krev at ein har detaljerte opplysningar om kva den enkelte planteproduksjonen treng til kvar tid.

Oppvarming

Oppvarming av eit veksthus er ein stor kostnad. Det er i dei seinare åra forska mykje på å finna gode miljøvennlege oppvarmingsmetodar. Pris og tilgang er ofte avgjerande, og dersom vi kan nytta lokale ressursar som biobrensel (halm, pellets, flis), er det bra. Det er også mogleg å lagra overskotsvarme frå dagen til å varma opp om natta.

Byggjematerialar

Hovudoppgåva til materialane er å sleppe mest mogleg lys inn og minst mogleg varme ut. Samtidig må konstruksjonane tola dei store belastningane eit veksthus vert utsett for. Til tak og vegger bruker ein oftast plastmaterialar med dobbel vegg. Aluminium eller stålprofilar vert brukt som berande konstruksjonar.

Ekstra tilførsel av karbondioksid (CO2)

CO2 kan vera ein avgrensande faktor for planteveksten i veksthus. Ved å tilføra ekstra CO2 kan vi auka fotosyntesen og med det auka veksten hos plantene. Tilførsel kan gjerast ved hjelp av stålflasker med flytande CO2.

Drivhuseffekten

Veksthus vert også kalla drivhus. Drivhuseffekten, som fører til global oppvarming, har fått namn etter det som skjer i eit veksthus. Prinsippet er at mykje varme slepp inn og lite varme slepp ut. Dette gjer til at temperaturen inne i veksthuset er høgare enn utetemperaturen, også utan ekstra oppvarming.

Du kan lesa meir om drivhuseffekten her: Drivhuseffekten

Hugselappen:

Veksthus har regulert klima med styring av

  • temperatur
  • lys
  • luftfuktig
  • CO2-innhald
  • næringstilførsel

Dyrking i veksthus er kostnadskrevjande.

Veksthus vert også kalla drivhus.

Video: I veksthuset

Læringsressursar

Gartnaryrket – planteproduksjon

SubjectEmne

Fagstoff