Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. AnleggsgartnarChevronRight
  5. Anleggsgartnar – yrke og utdanningChevronRight
  6. Anleggsgartnar – yrke og utdanningChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Anleggsgartnar – yrke og utdanning

Anleggsgartnaren opparbeider og skjøttar hagar, parkar, anlegg og kyrkjegardar. Buskar, tre, blomstrar, plenar, stein, heller og mur er nokre av materialane anleggsgartnaren bruker for å skape utemiljø som vi kan trivast i. Driftsoperatøren har spesialisert seg på drift av idrettsanlegg.

Slik blir du anleggsgartnar

Etter Vg1 naturbruk kan du gå Vg2 anleggsgartnar og idrettsanleggsfag. Her får du opplæring i mange forskjellige arbeidsoppgåver. Det sentrale er korleis vi kombinerer planter og andre materialar for å skape utemiljø som menneske kan trivast i og vere i aktivitet i. Etter to år på skule kan du bli lærling i anleggsgartnarfaget eller i idrettsanleggsfaget. Læretida er på to år, og opplæringa er i hovudsak praktisk. I læretida får du løn.

Når læretida er over, går du opp til fagprøve. Når du har bestått prøva, får du fagbrev som anleggsgartnar eller som driftsoperatør i idrettsanlegg.

Anleggsgartnaren har ein allsidig kompetanse og kan også jobba i mange andre yrke knytte til anlegg, drift og vedlikehald.

Etter fagbrevet?

Når du har teke fagbrev og kanskje praktisert i yrket i nokre år, kan du ta meisterbrevet. Då kan du starte di eiga bedrift.

Med eit fagbrev i handa kan du også gå vidare til høgare utdanning. Du kan gå på fagskule, følgje Y-vegen inn i høgskulesystemet, eller skaffe deg generell studiekompetanse og søkje universitet og høgskule på vanleg måte. Praktisk erfaring og kunnskap frå skule og læretid gir eit godt grunnlag for studia. Du kan blant anna bli landskapsarkitekt.

Læringsressursar

Anleggsgartnar – yrke og utdanning