1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. ReindriftChevronRight
  5. Reinen – ein mangfaldig ressursChevronRight
  6. Slakting av reinChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Slakting av rein

Det er stor forskjell på korleis reinen vert slakta på eit slakteri, og på korleis reindriftssamane slaktar reine til privatbruk, som «nisterein».

Skinn og skanker er tatt bort. Foto.
Haustslakting av rein. Skinn og skankar er fjerna.

Slaktaren må ta vare på alt

Slaktinga er ein systematisk prosess. Reindriftsutøvaren må sørgja for at alt som skal brukast av reinen, er intakt etter slakting. Slaktaren bør ha kunnskap om biologien til reinen, om korleis reinkroppen er bygd opp, og om kva dei ulike delane av reinen skal brukast til. Det gjeld både det som skal tilverkast vidare som duodji, skinn og bellingar, og det som skal brukast til mat.

Slakting av nisterein

Nisterein er rein som reindriftssamane slaktar til sitt eige behov. Nisterein vert som oftast slakta om vinteren, og slaktinga av vår- og sommarmat skal skje i februar månad, og då ved nymåne. Reinen som vert slakta, må vere av så god kvalitet at han er minst jolin – han må altså vera i godt hold.

Det beste reinkjøtet får ein frå rein som er henta rett frå flokken på beite. Det er viktig at reinen vert avliva rett etter at han er fanga, og han kan slaktast nær gjetarhyttene på vinterbeiteområdet, heime i bygda eller andre stader.

Etter at reinen er fanga og avliva, vert skrotten lagt i ei avlang grop i snøen eller på ein slede slik at han ikkje vert skiten. Ein kan også leggja kvister under skrotten for at reinkjøtet ikkje skal verta ureina. Så fjernar slaktaren skinnet forsiktig, men bestemt frå kroppen og leggane (bellingane). Dette vert kalla for njaldit på nordsamisk. Ein må vera svært varsame med kniven under slaktinga slik at verken skinnet eller bellingane vert øydelagde. Bellingane skal brukast anten til skallar eller til skinnbukser.

Skinnet tas bort. Foto.
Vinterslakting av rein

Når reiner er flådd, vert magen opna for å fjerna formage, tarmar og blod. Dette må gjerast svært forsiktig for at magesekken ikkje skal sprekka. Magen til reinen består av formagen (nettmagen, vomma og bladmagen), løypemagen (som inneheld nedbrote plantemateriale) og tynntarm, blindtarm og tjukktarm. Tarmane på reinen har alltid vore viktig mat for reindriftssamane og andre.

Tarmer og mage. Foto.
Vinterslakting av rein. Mage og tarmar må takast godt vare på.

Reindriftsutøvarar som slaktar, har kunnskap om magen til reinen og veit at dersom dei med kniven eller handa lagar rift i magen så han sprekk, kan mageinnhaldet renna ut på kjøtet og øydeleggja det. Prosessen vidare er å ausa blodet ut frå slaktet og over i eit bøtte eller eit anna kar. Her er det viktig å røra i blodet slik at det ikkje koagulerer. Koagulert blod kan ikkje brukast. Etter at lever og andre indre organ er fjerna, kan skrotten hengjast på ein kald stad og parterast.

Reglar og spådommar knytte til slakting av rein

Før i tida hadde reindriftssamane mange reglar for korleis slaktinga av nisterein skulle gå føre seg. Somme reindriftssamar følgjer desse reglane også i dag. Nokre av reglane er av praktisk art, medan andre kan seiast å vera overtru. Eit døme på ein praktisk regel er at ein ikkje skulle knekkja bein i reinen ein slakta. Ein kunne koma til å kutta seg på beinet, eller ein kunne setja beinet fast i halsen når ein seinare åt kjøtet.

Når det gjeld spådommar, er ei førestilling knytt til ein hinnepose/hinnesekk på ca. 1,5–2 cm (čođgi). Posen ligg i vomsekken under isteret (leavssosbuoidi). Han er anten full av hår, talg eller væske (mjølk) og skal bringa lykke. Hårposen (guolgačođgi) varslar om rikdom, talgposen (buoidečođgi) varslar om feit rein, og mjølkeposen (mielkečođgi) fortel at ein får mange simler som diar kalvar. Hinneposen bør oppbevarast på ein stad der han ikkje vert øydelagd, til dømes i giisa/kiste saman med andre dyrebare ting.

Læringsressursar

Reinen – ein mangfaldig ressurs

SubjectEmne

Fagstoff