1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. ReindriftChevronRight
  5. Reinen – ein mangfaldig ressursChevronRight
  6. Kva kan reinen brukast til?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva kan reinen brukast til?

I reindrifta vert reinen både brukt i hushaldet til reindriftssamane og for sal. For den som skal leva av reindrifta, er det viktig med ein allsidig bruk av reinen som ressurs.

Samane bruker sennegras som innlegg i skallar og kommagar laga av reinskinn.

Kva kan reinen brukast til?

Reinen kan brukast som trekkdyr og som slaktedyr for å produsera mat. Før i tida brukte ein også mjølka reinen. Reinskinn vert brukt til klede og som liggjeunderlag. Reinen er eit viktig verktøy for å læra barn og unge om reindrifta, og i tillegg tener reindriftsutøvarane pengar på andre aktivitetar som er relaterte til denne næringa.

I alle reindriftshushald er det viktig å ta vare på dei ulike delane av reinen som er slakta. Heile dyret vert utnytta – kjøt, innmat, ister, beinmerg og blod. Også skinn, bellingar og horn vert tekne vare på.

Ulike arbeidsoppgåver

Om vinteren har reindriftssamane tid til å gjera arbeid som ikkje er vorte gjort dei andre årstidene. Sidamedlemmene treng både mat og utstyr, og dette må ordnast i løpet av vinteren.

Menn og kvinner har ofte ulike arbeidsoppgåver. Kvinnene deltek på lik linje med mennene i alt arbeid som gjeld reindrifta. Dei gjeter rein og lærer dei unge om etikk og respekt for naturen og dyra. Mennene held driftsutstyret ved like, til dømes sledane. Men når det gjeld sying og reparasjon av vinter- og sommarkleda til heile familien, har dette vore ein del av arbeidet til kvinnene.

Duodji

Duodji er det tradisjonelle kunsthandverket til samane. Dei som arbeider med duodji, lagar bruksting og tradisjonelle samiske klede og suvenirar av reinen.

Reinskinn er eit viktig materiale for reindrifta. Tørka reinskinn kan brukast som liggjeunderlag, og handverkarane lagar også til dømes vottar (gisttat), fottøy (skallar, kommagar), klede (pesk, bellingar, skinnbukser, lue, belte) og bruksting som matsekk (niesteseahkka, gáfeseahkka).

Skinnet må behandlast før ein kan sy noko av det. Det skal preparerast, skrapast, mjuknast, barkast. Færre og færre unge har kunnskapar og ferdigheiter som gjer at dei kan jobba med skinn og bellingar i dag. Det er for det meste dei eldre kvinnene som kan sy skallar, pesk og gisttat.

Duodji

Læringsressursar

Reinen – ein mangfaldig ressurs

SubjectEmne

Fagstoff