Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. ReindriftChevronRight
  5. Arbeidsoppgåver i reindriftaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Gjeting av rein

Å gjeta rein handlar å få reinen til å beita og om å ha ein viss kontroll over flokken. Gjetaren må kunna føreseia kvar dyra bevegar seg ut frå kjennskap til den naturlege åtferda til reinen gjennom dei ulike årstidene, på beite og i terrenget.

Reingjeterne gjeter flokken. Foto.
Reingjetarane gjeter flokken.

På vinterbeita vert flokkane gjette for å halda dei frå andre flokkar. Vintergjetinga handlar altså om kantgjeting, samling for å flytta flokken til eit nytt område med betre beite, og gjeting for å hindra samanblandingar med andre sidaer.

Det finst ulike måtar å gjeta på. I eit kalvingsområde må ein til dømes la reinen spreia seg. Dette vert kalla for veaiddalahttit på nordsamisk. Om vinteren kan ein til dømes la reinen spreia seg under kontroll, altså lávdat. Dersom reindriftsutøvarane held på å mista kontrollen over flokken, vert det kalla for bieđganit.

På vinterbeiteområdet

I nordområda dekkjer snøen bakken ein stor del av året. Klima, snø og snøendring fører får store konsekvensar for naturen. Snø er vatn i «fast form» og har ein kompleks struktur, og han er i stadig endring. Det er nødvendig å ha kunnskap om snø og snøforhold for å overleva under svært utfordrande og stadig skiftande klimatiske forhold.

Snøkunnskapen til reineigarane er særleg knytt til flokken, beitet og økologien. For reindrifta er snøen ein føresetnad for

  • mobilitet (kunna forflytta seg)
  • sporing (kunna sjå kvar reinen har gått)
  • synlegheit (kunna sjå reinen)
  • tilgang (tilgang til beiteplanter som lav og gras)

Ansvaret til reingjetaren

Om vinteren kan vêrforholda plutseleg endra seg, eller andre uføresette situasjonar kan oppstå. I slike tilfelle er det den reingjetaren som er på vakt ved flokken, som må vurdera kva som bør eller kan gjerast. Han eller ho må ha ein strategi for å takla situasjonen. Det er også gjetaren som må ta avgjerda om det er nødvendig å flytta flokken til ein annan del av beiteområdet når snøforholda er slik at det er ein risiko for at dyra ikkje får nok mat.

Dagleg gjeting om vinteren

Den daglege gjetinga har to hovudoppgåver. Gjetaren køyrer rundt flokken og observerer korleis flokken beiter, og om flokken held seg i ro i området. Samtidig ser gjetaren etter spor frå rein. Dersom reinspor kryssar køyresporet til gjetaren, må ho eller han finna ut kvar dyra har gått og føra dei tilbake til flokken.

Dersom gjetaren ser at flokken ikkje beiter roleg, men har vandra mykje, er det viktig å finna årsaka til dette. Gjetaren sjekkar forholda (guohtun), konsistensen på snøen, deretter bakken under snødekket, og korleis beiteforholda er. Gjetaren må også vita kvar flokken har beitt før. Dersom snøen i området er hard med is nærast bakken, må gjetaren finna ein stad der det er oppas (urørt snø) eventuelt flytta (sirdit) flokken til ein annan del av vinterbeiteområdet der det er betre beiteforhold.

Når flokken held seg på ein stad, vil det seia at reinen finn mat der, og at snøforholda er slik at dei kan grava gjennom snøen. Dersom flokken begynner å vandra bort frå eit område, må gjetaren sjekka kvifor. Er det lite mat å finna, eller vert flokken skremd av rovdyr? Dersom gjetaren ser spor etter rovdyr, må ho eller han sjå om rovdyret har kryssa køyresporet og kome seg inn i flokken.

Rein som kryssar køyrespora, forvillar seg vekk frå flokken. Gjetaren må då finna dyra og få dei tilbake til flokken. Det er viktig å halda flokken samla slik at reinen ikkje blandar seg med flokkar frå andre sidaer. Gjetarane kan då prøva å stoppa (caggat) reinen for å unngå samanblanding. Dei kan også prøva å flytta (siridit) flokken innanfor vinterbeiteområdet sitt. Dersom ein mistar rein til andre flokkar, kan ein henta dei enkeltvis (čanadit), eller rein frå fleire sidaer kan setjast i innhegning for å skiljast (rátkit).

Gjetemetodar om vinteren kan vera

  • køyra rundt i flokken (birravuodjit), altså følgja køyrespor i kanten av området svært forsiktig
  • leia rein som går ytst i flokken, inn til dei andre (goalŋat)
  • stoppa flokken når han held på å «rømma» (caggat)
  • flytta flokken (sirdit) til ein annan plass innanfor vinterbeiteområdet

Det er svært viktig å ha evna til å spora, det vil seia kunna skilja mellom ulike spor. Vilkår som gjeld for sporing, er blant anna

  • at der er nok nysnø til at det er mogleg å skilja spor (áinnadat) frå kvarandre, og skilja gamle spor frå ferske
  • at ein kan identifisera spor etter beiting og beiteplassar (fieski)
  • at ein kan identifisera spor der heile flokken, eller delar av flokken, har gått etter kvarandre i lang, smal rad (ruvggastat)

Snøforholda på vinterbeite – guohtun

Vêr og temperatur kan føra til at snø på bakken smeltar/tiner og deretter frys og vert til is. Dette kan igjen føra til at snødekket får islag. Dersom ein reingjetar ser at guohtun er dårleg, betyr det at laga på snødekket er så harde at reinen har vanskar med knusa og grava seg gjennom dei. Di fleire smelte–fryse-situasjonar som oppstår, di fleire islag (geardni, cuoŋu) vert det i snøen. Det er ikkje bra når snøen er slik at reinen ikkje får tak i maten under han (heajos guohtun).

Vêr og temperatur kan derimot også gjera guohtun bra, særleg dersom det er lite snø, snøen er porøs og mjuk, og dersom bakken ikkje er frosen. Mildt vêr og milde vindar kan endra čiegar til seaŋáš (kornsnø) og dermed gjera snøen mjuk slik at det er mogleg for reinen å grava gjennom han. Reineigaren veit at dersom snøforholda er gode, klarer reinen å nå vegetasjonen under. Men dersom det er is på botnen, er det vanskeleg å beita. Derfor er det viktig å sjekka tilstanden under snøen.

Oppas og čiegar er to omgrep som reingjetarane bruker i samband med gjeting. Oppas er eit område der snøen er laus og urørt, dvs. ikkje trakka ned av rein. Ordet čiegar betyr at snøen i eit område er vorten hard fordi reinen har beitt og grave der. Reinen bør derfor ikkje førast til eit område der det er čiegar, for der er det ingen guohtun.

Bruk av vinterbeiteområde om vinteren

Ulike delar av vinterbeiteområdet til sidaen vert brukt i ulike periodar av vinteren, men det er flokken sjølv som har etablert rutinen for kvar han beiter. Kvar reinen beiter, er avhengig av vêret, vindretninga og snøforholda. Reinen unngår å beita der han har beitt før, for der er snøen hardtrakka (čiegar).

På vinterbeitet handlar det ofte om å få dei gode beiteforholda til å vara lengst mogleg ved å spara område til vårknipa om vårvinteren. Når beiteforholda er gode (snøen ikkje er for hard) og det er tilstrekkeleg med mat under snøen, varer beitet til april, slik at flokken kan flyttast til kalvingsområdet med små tap og god kalvetilgang.

Før vårflyttinga startar, er det viktig at reinen som høyrer til dei ulike sidaene, er samla i rett flokk. Graden av kontroll og farta på flyttinga er bestemt av faren for samanblanding, beiteforholda og kva tilstand flokken er i.

Læringsressursar

Arbeidsoppgåver i reindrifta

SubjectEmne

Fagstoff