1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. ReindriftChevronRight
  5. Reinens biologiChevronRight
  6. Åtferda til reinenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Åtferda til reinen

Reinen er i ein mellomposisjon mellom heilt fritt dyr og husdyr. Han følgjer dei naturlege behova sine gjennom året og oppheld og bevegar seg langs beite- og vandringsruter.

Reinen på vandring

Reinen finn mat og beite sjølv, men det er reingjetaren som passar på at reinen får nok mat og vatn, at han finn ly, og at han kan bevega seg fritt – for eksempel for å kunna flykta frå insekt. Det er reineigaren som må sørgja for at reinen er på rett stad til rett tid for å ha det godt.

Gjetaren må tolka åtferda til reinen

Dei som driv med reindrift, må kjenna landskapet, gangen i året, vêret og klimaet og anna liv i omgivnadene. Måten reinen oppfører seg på, gir reindriftsutøvaren viktig informasjon. Reindriftssamane seier at ein reingjetar må tenkja akkurat som ein rein. Han må vita at reinen helst går mot vinden.

Ut frå kviletidene til reinen – som varierer gjennom året og etter beiteforholda – veit gjetaren også når flokken bevegar seg raskt og mindre raskt. Reineigaren kjenner alle reinane sine, og kjenner godt åtferda til kvart dyr – altså korleis det oppfører seg. Når det tek til å koma barflekker om våren, stikk oksereinen av og det dannar seg to flokkar: ein okseflokk og ein simleflokk. Desse to flokkane har ulikt åtferdsmønster.

På varme dagar om sommaren trekkjer reinen opp i høgda. Han har tjukk pels og toler dermed ikkje varmen så godt. Oppe i høgda kan han finna avkjøling på snøflekker samtidig som han finn høgfjellsvegetasjon i utkanten av snøflekkene. Snøflekker om sommaren heiter på nordsamisk ‘jassa‘.

Vêrteikn

Reinen kan «melda» vêret med åtferda si:

  • Når reinen begynner å springa og løfta frambeina, er det eit teikn på at det vert snøvêr.
  • Når reinen skrapar geviret mot busker, vert det tøvêr.
  • Om sommaren, dersom simla slikkar kalven sin, er det eit teikn på at det kjem regn.

Læringsressursar

Reinens biologi

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter