1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. ReindriftChevronRight
  5. ReindriftsnæringaChevronRight
  6. Fakta om reindriftChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fakta om reindrift

Reindrift er ein nomadisk driftsform der ein flytter reinen til ulike beiter gjennom årstidene.

Reinsdyr i innhenging. Foto.

Reindriftslova set som hovudregel at det berre er den samiske befolkninga som har rett til å ha rein i reinbeiteområda.

I dag er det rundt 250.000 tamrein i Noreg, og rundt 70 prosent av dei oppheld seg i Finnmark.

Det blir drive samisk reindrift i 139 av kommunane i landet, frå Hedmark i sør til Finnmark i nord. Det blir også drive samisk reindrift i Trollheimen. I tillegg finst det tamreinlag i Lom, Vågå, Fram og Filefjell, organisert som partslag/aksjeselskap av folk i bygda.

All rein innanfor det samiske beiteområdet skal merkast med merket til eigaren.

Tamrein og villrein er i utgangspunktet same dyr. I Noreg har vi berre villrein i dei sørlege fjellområda, frå Sør-Trøndelag og sørover.

Reinsdyr blir halde først og fremst for kjøtet og skinnet, men også horna og mjølka kan utnyttast.

(Kjelde: Ressursregnskap for reindriftsnæringa, reindrift.no , Store norske leksikon)

Læringsressursar

Reindriftsnæringa

SubjectEmne

Fagstoff