Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. ReindriftChevronRight
  5. ReindriftsnæringaChevronRight
  6. Reindrift gjennom åtte årstiderChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Reindrift gjennom åtte årstider

Tradisjonelt vert reindriftsåret ikkje berre delt inn i sommar, haust, vinter og vår, men vert skildra ut frå dei åtte årstidene som finst i det samiske språket. Reindriftssamane vert også gjerne kalla «dei åtte årstiders folk». No står haustsommaren for tur.

Tamrein. Foto.

Det er ikkje berre sauer, kyr og geiter som reiser av stad for å verta feite og fine om sommaren. Også reinen bruker sommaren på å beita seg opp nokre kilo. Dei fleste av dei er tamrein – i Noreg finst det kring 30 000 villrein, medan talet på tamrein er nærmare ti gonger så høgt, rundt 250 000. Villrein finst dessutan berre i dei sørlege fjellområda, medan vi kan sjå tamreinen frå Hedmark i sør til Finnmark i nord.

– Reinen er vanlegvis på sommarbeite frå mai til september, seier fagsekretær i Norske Reindriftsamers Landsforbund, Per M. Sara.

Tradisjonelt vert reindriftsåret derimot ikkje berre delt inn i sommar, haust, vinter og vår, men vert skildra ut frå dei åtte årstidene som finst i det samiske språket. Reindriftssamane vert også gjerne kalla «dei åtte årstiders folk».

Reinsdyr. Foto.
Det samiske reindriftsområdet strekkjer seg så langt sør som til Hedmark. Her ved Femunden.

Kalvemerking

Om sommaren skal kalvane merkast. Alle reineigarar har sitt eige merke for å skilja dyra frå kvarandre. Kalvane følgjer simla, så det er lett å sjå kven som eig kalven.

– Vanlegvis merkjer vi kalvane rundt sankthanstider, men det har vore mykje snø i år, så somme stader er merkinga forseinka, seier Sara.

Når reinen skal samlast til merking, kan dyra vera spreidde over store område. Reineigarane i dag bruker både ATV, snøskuter og helikopter for å samla, driva og halda auge med flokken.

– Tidlegare måtte ein leggja bak seg store avstandar til fots, no er næringa modernisert, fortel Sara. Næringa er derimot i stor grad framleis familiebasert, heile familien deltek i arbeidet.

Same sjekker reinflokken med snøscooter. Foto.
Snøskuter og andre motoriserte køyretøy har gjort det enklare å vera reineigar. Her frå Kautokeino vinterstid.

Slakt og brunstperiode

Etter sommaren følgjer haustsommaren, perioden august–september.

– Når sommaren er over, vert reinen samla igjen, og ein vel ut dyr til slakt. Dei siste åra har 70 prosent av slaktedyra vore kalvar, og dei bør helst slaktast når dei er i best hold, det vil seie helst så tidleg som mogleg etter sommarbeitet, seier Sara.

– I tillegg til å slakta dyr merkjer ein dei kalvane som ikkje vart merkte på sommaren, fortel han.

Etter at slakting og merking er unnagjort, vert dyra flytta til haustbeite.

– Reinen kjem vanlegvis i brunst i september. I dei vekene brunsten varer, bør reinen ha mest mogleg ro så ikkje paringa vert forstyrra, forklarer han.

Utover haustvinteren vert reinen etter kvart flytta til vinterbeite. Kvar reinen har sommar- og vinterbeite, varierer etter kvar i landet dei held til.

– I Finnmark beiter reinen stort sett ved kysten eller på øyane om sommaren, og i innlandet om vinteren, seier Sara.

Tamreinlaga i Sør-Noreg, derimot, nyttar høgfjellsområde som sommarbeite og lågareliggjande fjell- og skogsområde i søraust som vinterbeite.

Reinsdyr som beiter i vannkanten. Foto.
Det sørlegaste samiske reindriftsområdet ligg i Engerdal i Hedmark. Her beiter reinsdyr i vasskanten.

Lav som vinterføde

Når det nærmar seg juletider, har gjerne snøen kommen for å verta, og reinen må grava seg ned til beitet med klauvene.

– Om vinteren held reinen til i skoglendt terreng der han hovudsakleg et lav, fortel Sara.

Vanskelege vêrforhold om vinteren kan redusera tilgangen på mat. Særleg kan regnvêr etterfølgt av frost gjera det vanskeleg for reinen å få nok næring. Nokre gonger må reinen flyttast, og støttefôring kan også vera nødvendig.

I tillegg til harde vintrar er rovdyr ein trussel for reinen.

– I år er mange rein tekne av ørn. Ørnen har ingen problem med å ta livet av ein kalv, og dei kan også angripa vaksne dyr, seier Sara.

I tillegg til ørn er det gjerne jerv, bjørn og gaupe som tek livet av rein.

Reinsdyrokser skilles fra resten av flokken. Foto.
Før kalvingsperioden om våren må oksane skiljast frå resten av flokken.

Vår og nytt liv

Etter vinter kjem vårvinter, og reinen skal igjen ut på vandring.

– I april begynner reinen å trekkja mot kalvingslandet. Då må dei ofte passast på, før ein i slutten av april flyttar dei ut til kalvingsområda, seier Sara. Flyttinga frå vinterbeita til kalvingsområdet er rekna som starten på eit nytt driftsår.

Før kalvinga må bukkane skiljast ut.

– Dei går gjerne for seg sjølv, fortel han.

Reinkalvane vert fødde i same området år etter år, og simlene vel solrike stader der dei første vårvekstane spirer. Det er ei sårbar tid, og simla kan støyta kalven frå seg dersom ho vert uroa.

Når kalvinga er over, kan reinen på nytt dra på sommarbeite. Nokre stader i landet flytter dei berre nokre få mil, andre stader reiser dei fleire titals mil for å koma til dei beste beitemarkene, der dei igjen kan eta seg feite på lauv, gras og urter.

Vårflytting av reinsdyr. Foto.
Ein reinflokk på Finnmarksvidda er på veg til vårbeite, og har teke ein pause for å grava etter lav i snøen.

Hugselappen

Reindriftsåret har åtte årstider.

Det er omtrent 250 000 tamrein i Noreg.

Kvar reineigar har sitt eige merke.

Slaktinga skjer på sommarhausten.

På haustvinteren flyttar reineigarane flokken til vinterbeite.

Kalvinga skjer på vårvinteren. Det er starten på det nye driftsåret.

Læringsressursar

Reindriftsnæringa

SubjectEmne

Fagstoff