Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. SkogbrukChevronRight
  5. Motorsaga – bruk og vedlikehaldChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kvisting og kapping

Når treet er felt, skal det kvistast og kappast. Vi bruker motorsaga til begge arbeidsoperasjonane, og må følgje tryggingskrava.

Kvisting

Fellinga er den farlegaste delen av hogstarbeidet. Kvisting er det som tek lengst tid. Feil arbeidsteknikk under kvisting kan gi oss belastningsskadar. Vi må bruka verneutstyr for motorsag.

Når du skal kvista eit tre, gjer du det slik:

  • Rett ryggen
    Ligg stammen lågt: Bøy knea, kvil høgre kne mot stammen.
    Ligg stammen på bakken: Stå på kne når du kvistar. Å stå bøygd med rette bein og saga hengande i armane, belastar korsrygg, armar og skuldrer og nakke.
  • Kvil saga på stammen eller mot låret
    Dette gjer at du avlastar tyngda av saga mykje, i tillegg til at du har god kontroll på saga.
  • Kapp kvisten heilt inntil stammen
    Det skal ikkje stå att kvisttappar etter at du er ferdig. Det er betre at du sagar litt i borken enn at det står att tappar.

Kapping

Når du skal kappa ein stamme, er det viktig at

  • du kappar slik at du ikkje får saga i klemme
  • du kappar slik at det ikkje oppstår sprekk i stokken

For å unngå dette må du ha kontroll på kva som er trykksida og strekksida på stammen.

Kapping - trykk og strekkside. Figur

Kappar du for langt inn frå trykksida, får du saga i klemme. Sager du alt frå strekksida, er det fare for at stammen vert spjerra eller sprekk.

Når du startar kappinga, kappar du først litt frå trykksida, 1/3–1/4 av diameter. Til større trykket er, til mindre sagar du frå trykksida. Er diameteren stor, kan du med fordel saga opp på sidene frå trykksida. Resten av kappen tek du frå strekksida. Er spennet svært stort, skal du saga forsiktig og vera merksam på faren for spjerring.

Kapping
Kapping

Hugselappen

Kvisting:
Vi fjernar kvister og greiner for å få ein rein stokk.

Kapping:
Vi deler tømmerstokken opp i kortare lengder.

Kvister skal kappast heilt inn til stammen. Unngå at det står att tappar.

Ver merksam på trykksida og strekksida på stammen når du kappar.

Finn gode arbeidsstillingar.

Bruk tryggingsutstyr og vurder risikoen også når du kvistar og kappar.

Læringsressursar

Motorsaga – bruk og vedlikehald

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter