Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. SkogbrukChevronRight
  5. Motorsaga – bruk og vedlikehaldChevronRight
  6. Bruk av motorsag – arbeidsteknikk og tryggleikChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bruk av motorsag – arbeidsteknikk og tryggleik

Motorsaga er ein nyttig, men farleg reiskap. Det er viktig å vurdera risiko og tenkja tryggleik. Opplæring i å bruka motorsaga på ein riktig og sikker måte, slik at vi unngår skadar og farlege situasjonar, er svært viktig. Feil bruk kan utsetja både deg og andre for fare.

Bruk av motorsaga

Det er viktig å læra seg å bruka motorsaga på ein rett og trygg måte slik at vi unngår skadar og farlege situasjonar. Motorsaga er ein farleg arbeidsreiskap. Feil bruk kan utsetja både deg og andre for fare. Du skal bruka personleg verneutstyr, og verneutrustinga på saga skal vera i orden.

Dei ulike arbeidsoperasjonane felling, kvisting og kapping krev at du har kjennskap til:

  • Felling
    • kva du må planleggja
    • korleis du legg felleskjer
    • korleis du lagar hovudskjer
    • kva som er risikofaktorane
    • korleis du tek hand om tryggleiken
  • Kvisting
    • rett arbeidsteknikk
    • risikofaktorar
    • korleis du tek hand om tryggleiken
  • Kapping
    • kva risiko spenn i stokken utgjer
    • korleis du tek hand om tryggleiken

Øve, øve, øve

Du kan ikkje lesa deg til korleis du bruker motorsaga. For å verta god må du øva. I starten skal du alltid vera saman med ein instruktør.

Kastfare

Ver merksam på kastfaren når du bruker motorsaga. Sagar du med øvre halvdelen av sverdspissen, får du slag på saga. Då løyser kjedebremsen seg ut og stoppar kjeda. MEN: Dersom du arbeider på ein måte som gjer at du får slaget rett mot deg, og avstanden mellom saga og f.eks. hovudet er kort, treffer kjeda deg før kjedebremsen har stoppa kjeda.

Kastfare motorsag



Vurder risiko!

Motorsag. Foto
Motorsag

Fare for kast: når du bruker sverdspissen

Fastfelling: når treet vert hengande i andre tre

Spjerring: når stammen vert kløyvd på langs

Spenn: når du kapper stokk

Slitasje: når du har feil arbeidsstilling

Kjenner du tryggingsfunksjonane på saga? Har du det personlege verneutstyret ditt i orden?
Gå gjennom presentasjonen "Motorsag og tryggleik"


Fastfelling og spjerring

Det er stor risiko knytt til fastfelling og spjerring.

Fastfelling vil seia at treet du feller, hengjer seg fast i andre tre og ikkje landar på bakken. Denne filmen viser korleis du kan løysa problemet på ein trygg måte.

Spjerring vil seia at trestammen sprekk på langs. Dette utgjer ein stor risiko for skade.

Sjå YouTube- filmen og lær korleis du kan forhindra spjerring.

Læringsressursar

Motorsaga – bruk og vedlikehald

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter