Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. SkogbrukChevronRight
  5. Biologisk mangfald i skogenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bartre

Bartre er tre eller buskar med nåleforma blad. Dei naturlege bartrea i Noreg er furu, gran, einer og barlind. Både gran og furu utgjer store skogar og er av stor økonomiske betydning. Skogane er også viktige levestader for mange dyr og andre planteartar.

Furu

Furua trivst i tørr og næringsfattig jord. Røtene stikk ikkje djupt. I skogbotnen veks ulike artar av lav, lyng og andre blomsterplanter. Kva artar som veks saman der, er avhengig av jordsmonn og klima, og det gjer at vi får ulike typar furuskog. I dei store furuskogane på Austlandet er skogbotnen dominert av reinlav.

Gran

Grana innvandra seint til Noreg, men har breidd seg nordover. Nord for Rana finst førebels berre spreidde førekomstar. Ho trivst i djup og fuktig jord. Granskogane har også ulik samansetning av artar i skogbotnen. Vanlege artar i granskog kan vera blåbær og bregnar. Granskogen er gjerne tettare enn furuskogen, slik at mindre lys når ned til skogbotnen.

Nakenfrøa

Bartre er nakenfrøa. Hos nakenfrøa planter er ikkje frøet verna av fruktkjøt. Hos bartrea er frøa i staden verna av kongleskjela.

Undersøk

  • Kva typar barskog finst der du bur?
  • Kva artar av tre veks der, og kva planter veks i skogbotnen?

Læringsressursar

Biologisk mangfald i skogen

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter