1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. SkogbrukChevronRight
  5. Skogbruk – næring, yrke og utdanningChevronRight
  6. Omsetning av tømmerChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Omsetning av tømmer

Skogseigarandelslag. Figur. Tømmer vert som regel omsett via skogeigarandelslag, som sel vidare til sagbruk og treforedlingsindustri. Kvart skogeigarandelslag består av fleire lokale skogeigarlag som tek hand om interessene til grunneigarane.

Skogseigarandelslag. Figur.

Det er i dag åtte større skogeigarandelslag som dekkjer ulike regionar i Noreg. Dei er eigde av skogeigarane sjølve gjennom lokale skogeigarlag. Nokre skogeigarar bruker andre, uavhengige aktørar.

Skogeigarandelslaga tilset skogbruksleiarar som fungerer som kontaktpersonar og tek seg av alt frå planting til hogst hos kvar enkelt skogeigar.

Prisar, dimensjonar og kvalitetskrav kan variera frå år til år. For den som skal hogga skog, er det viktig å følgja med på kva som gjeld i marknaden for å få mest mogleg verdi ut av skogen.

Finn ut meir

Skogeigarandelslaga og dei andre aktørane har heimesider på internett som gir meir informasjon. Her finn du også nyttig fagstoff om skog. Finn ut kven som er aktuelle aktørar i skogbruket i distriktet ditt og besøk nettsidene deira.

Læringsressursar

Skogbruk – næring, yrke og utdanning

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter