1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. SkogbrukChevronRight
  5. Skogbruk – næring, yrke og utdanningChevronRight
  6. SkogbrukshistorieChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Skogbrukshistorie

Skogen har alltid vore viktig for menneska. Les om skoghistoria, betydninga til skogbruket og utdanning innanfor skogbruksnæringa.

Skogbrukshistorie

Skogbruk har vore ei viktig næring i Noreg i over tusen år. Tømmer og materialar har vore eksporterte til mange land i Europa gjennom tidene. Sjølv om Noreg er eit lite skogland, har Noreg vore blant dei største eksportørane av tømmer og trelast i verda fram til midten av 1800-talet. Skogbruk er framleis ei av dei største landbaserte næringane i Noreg.

Den teknologiske utviklinga i skogbruket har vore enorm. Steinaldermennesket laga seg øksar av stein. Seinare vart jernet teke i bruk til å laga reiskapar av. Med betre reiskapar vart det enklare å arbeida, og produkta vart meir avanserte.

Skogsarbeidet har tradisjonelt vore synonymt med hardt kroppsarbeid. Felling og kvisting av store tre med manuelle reiskapar var ikkje arbeid for sveklingar. Hesten var tidleg til god hjelp når ein skulle dra tømmeret fram mot ei elv eller ein veg.

Tømmerfløyting har lange tradisjonar i mange norske elvar. Ved utløpet til elva grodde sagbruka fram, og etter kvart også fabrikkar som produserte tremasse og cellulose.

Då motorsaga kom på marknaden rundt ca. 1950, vart arbeidet lettare. I dag bruker vi framleis motorsaga mykje i skogen, men avverking av større felt vert gjort med hogstmaskin.

Læringsressursar

Skogbruk – næring, yrke og utdanning

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter