Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. SkogbrukChevronRight
  5. Skogbruk – næring, yrke og utdanningChevronRight
  6. Skogbruksfaget – yrke og utdanningChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Skogbruksfaget – yrke og utdanning

Mange spennande jobbar ventar på deg i skogbruket. Somme jobbar er praktiske ute i skogen, medan andre er meir knytte til kartlegging og utgreiing. Næringa er i dag maskindriven og bruker avansert teknologi.

Vi har hatt skogbruksutdanning i Noreg sidan 1876. Sjølv om yrkeskompetansen har endra seg, har dei tre fagområda naturfag, teknikk og økonomi vore sentrale. Skal vi driva ei berekraftig næring, må det skje med god kunnskap og kompetanse innanfor desse tre fagområda.

Skogbruk  med trekant. Foto/tegning

Vidaregåande opplæring

Etter Vg1 naturbruk kan du gå Vg2 skogbruk, der du får ein allsidig opplæring i skogbruksfaget. Dette gir eit godt grunnlag for å verta lærling i skogfaget. Læretida er på to år, og opplæringa er i hovudsak praktisk. I læretida får du lønn. Etter to år som lærling går du opp til fagprøva, som er ei praktisk prøve over inntil tre dagar. Når du har bestått fagprøva, får du fagbrev og kan kalla deg skogsoperatør. Her er ein film som viser korleis det er å vera lærling, og kva du kan arbeida med når du er utdanna fagarbeidar.

Høgare utdanning

Med eit fagbrev i handa kan du gå vidare til høgare utdanning. Du kan gå på fagskule, følgja Y-vegen inn i høgskulesystemet, eller skaffa deg generell studiekompetanse og søkja universitet og høgskule på vanlig måte. Praktisk erfaring og kunnskap frå Vg2 skogbruk og læretida gir deg eit godt grunnlag for studia. Du kan ta skogutdanning på både bachelor- og masternivå.

Læringsressursar

Skogbruk – næring, yrke og utdanning

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter