Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. SkogbrukChevronRight
  5. Skogbruk – næring, yrke og utdanningChevronRight
  6. SkogbruksnæringaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Skogbruksnæringa

Skogbruksnæringa i dag leverer tømmer til mange formål. Næringa gjer også eit viktig arbeid med å forvalta og skjøtta naturressursar.

Brett med granplanter klare for planting

Moderne skogbruk

Skogbruket har gått gjennom ei enorm teknisk utvikling etter andre verdskrigen. Vi kan seia at det har skjedd ei større utvikling i desse åra enn på tusen år tidlegare. Ei av dei største drivkreftene for utviklinga har vore å redusera det svært tunge manuelle skogsarbeidet.

Kunnskap og teknologisk utvikling har lagt grunnlaget for skogbruksnæringa i dag, der kompetanse innanfor faga biologi, driftsteknikk og økonomi står sentralt for alle utøvarane. Skogbruket leverer tømmer til anna verksemd, og utvalet av produkt aukar stadig.

Like viktig som å hausta av skogen er det å forvalta han på ein måte som gir grunnlag for å hausta av han også i framtida. Dette kallar vi skogskjøtsel. Skogen er ein viktig del av naturmiljøet, der folk kan sanka, jakta og utøva anna friluftsliv. For å gjera dette mogleg steller næringa skogane og legg til rette med vegar, gapahukar og leirplassar.

Skogen er ein fornybar ressurs. Dette krev at vi steller skogen godt og bruker – men ikkje forbruker – han. Vi må ha eit berekraftig skogbruk.

Alt som kan lagast av olje, kan lagast av tre

Denne påstanden er i høgste grad aktuell. Den dagen oljen tek slutt, må verda ha på plass andre kjelder til energi, råstoff og mange andre produkt. Allereie i dag vert det laga fleire produkt med utgangspunkt i tre eller deler av treet. Det gjeld blant anna tilsetjingsstoff i mat, og det gjeld klede, drivstoff og energi. Sjå korleis trestokken vert utnytta på Borregaard i Sarpsborg: Bioraffineriet på Borregaard.

Film: Det grønne gullet

Læringsressursar

Skogbruk – næring, yrke og utdanning

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter