Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. SmådyrChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sjukdom hos smådyr

Kvar dag når du møter dyret ditt, bør du sjå etter om alt er som før. Du må sjekka at dyret er friskt ved å sjå etter forandringar eller avvik frå det normale.

Kvinne med armen rundt hunden sin. Foto.
Hunden til Trine Rudstaden, Ferrari, åt kakaobork og vart veldig sjuk. Kakaoflis er livsfarleg for hundar.

Alle bør kvar dag ta ein liten helsesjekk på dyret sitt. Du kan finna ut mykje berre ved å bruka blikket. Det som er viktig, er at du tek deg tid til å sjå skikkeleg etter. Det er lett å oversjå tilstandar når ein har dårleg tid. Hugs at for dei dyra som er typiske byttedyr, er det viktig å skjula sjukdom. Dyr som viser sjukdom eller svakheit i naturen, er dei som rovdyra plukkar ut som lette bytte. Ein kanin med eit vondt bein vil prøva å skjula det når du er nær, men kan «gløyma seg» og kanskje halta når du observerer han på litt avstand.

Kva ser vi etter?

Det kan vera greitt at du tenkjer på dyret som tre område du må sjekka: hovudet, framkroppen og bakkroppen. Då observerer du dyret systematisk, og det er vanskelegare å oversjå noko. Du må også vera merksam på kroppshaldninga og blikket til dyret. Nokre dyr «rykkjer til» når noko er vondt, andre sit i ro, men kan vera klare til å flykta dersom du slepper taket.

  • Hovudet
    Øyre, auge og nase skal vera reine og utan utflod eller fargeforandring. Sjå på slimhinnene i munn og auge, dei skal vera bleikrosa. Blikket skal vera klart og merksamt. Pelsen glansfull og rein. Heile hovudet skal vera symmetrisk.
  • Framkroppen
    Kroppen skal vera symmetrisk. Kjenn nedover begge forbeina for å kjenna etter skorper, sår eller håravfall. Begge forbeina skal vera så godt som like å kjenna på, den eine skal ikkje vera tjukkare eller tynnare enn den andre. Kjenn også på ryggdelen og brystdelen av framkroppen. Her kan du også få ein idé om dyret er for tjukt eller tynt. Du må klippa klør dersom dei er for lange. Lange klør kan gro seg inn i beina eller tærne til dyret, og dei kan også gi dyret store problem med å gå eller hoppa.
  • Bakkroppen
    Her er det viktig å sjå på magen, ryggen, bakbeina og bakenden. Huda skal vera mjuk og utan klumpar eller sår. Raud hud viser ein irritasjon, og det kan vera sårt og ubehageleg for dyret. Kjenn over begge beina, kjenn på symmetri og temperatur. Ein skikkeleg varm fot kan ha eit sår med ein infeksjon, og det er viktig å få gjort noko med det så snart som mogleg. Sjå på endetarmsopninga. Litt avhengig av arten viser f.eks. diare seg på litt forskjellige måtar. På ein kanin kan området bak vera tilsølt av avføring, mens hos hund og katt vil dyret oftast slikka seg bak slik at avføringa forsvinn. Dyra vil likevel vera litt såre og raude rundt endetarmen.

Sjukdom hos nokre artar

Alle dyr kan verta sjuke, og dei fleste artar har sjukdommar som er typiske for arten. Hos gnagarar og kaninar bør du alltid vera merksam på fordøyingssystemet til dyret frå tenner til endetarm. Desse artane er så avhengige av eit friskt tarmsystem at sjukdom her fort kan bety døden for dei. Ein kanin med diare kan dø i løpet av eit par dagar.

Det er viktig at vi alltid er merksame på tennene til gnagarar og kaninar. For lange eller skeivslitne tenner kan gjera at dyret ikkje klarer å eta, og dermed svelt. Hos gnagarar veks tennene heile livet, og dyret er derfor avhengig av å ha noko å gnaga på, som kvistar eller høy for å slipa ned tennene.

Kosthaldet er viktig å tenkja på. Kaninar og enkelte typar gnagarar driv med koprofagi, det vil seia at dei er såkalla «falske drøvtyggjarar». Dei et ei spesiell avføring rett frå endetarmen for å eta ein del fiber ein gong til. På den måten får dei utnytta maten heilt.

Nokre gnagarar har heilt spesielle krav til kosthaldet. Marsvinet kan for eksempel ikkje laga C-vitamin sjølv og er heilt avhengig av å få dette frå maten. C-vitaminmangel hos marsvin kan føra til sjukdommen skjørbuk. Degusen kan ikkje fordøya sukker, og kan utvikla symptom på sukkersjuke (diabetes) dersom han et sukkerhaldige matvarer som frukt og rosiner.

Læringsressursar

Smådyr

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter