1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. SmådyrChevronRight
  5. SmådyrChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Smådyr

Smådyr er dei artane vi har som kjæledyr i Noreg som er på storleik med hunden og mindre. Dei tre vanlegaste artane er hund, katt og kanin. Gnagarar og fuglar i mange variantar og storleikar er også populære.

Ulike typer kjæledyr. Fotokollasj.

Vi har interessegrupper eller foreiningar for stort sett alle smådyrartane. Aktiviteten i interessegruppene og foreiningane varierer, men det vert ofte halde utstillingar med dømming av dyr etter poeng og sertifikat. Dette er mest vanleg for hund og katt, men andre smådyrartar er også representerte. Avl på fargevariantar, hårtypar og storleikar er derfor ein viktig del av smådyrhaldet for enkelte smådyreigarar.

Andre artar som går under tittelen smådyr, er akvarie- og terrariedyr. Det er artar som fiskar, reker, sniglar og krabber, eller edderkoppar og pinnedyr. For barn med allergi mot dyr med pels kan desse artane vera fine kjæledyr.

Lova forbyr hald av reptil i Noreg, og vi har derfor ikkje lov til å ha for eksempel slangar og øgler som kjæledyr. Dette er ei lov som stadig vert diskutert, og det kan godt henda at enkelte typar reptil vert lovlege i Noreg i framtida.

Vanlege smådyr i Noreg:

  • hund
  • katt
  • kanin
  • hamster
  • marsvin
  • tropefuglar
  • pinnedyr
  • akvariefisk

Læringsressursar

Smådyr

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter