Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. SmådyrChevronRight
  5. AkvariefiskChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Akvariefisk

Mange er fasinerte av fargerike fiskar og liker å ha eit opplyst akvarium i stova som dekorasjon. For andre er det ei spennande utfordring å få eit økosystem til å fungera.

Gullfisk i akvarium. Foto.
Gullfisken skin som gull.

Nokre synest også det er artig å ha sjeldne artar i akvariet sitt.

Vi deler akvarium i to hovudgrupper:

  • saltvassakvarium
  • ferskvassakvarium

Ferskvassakvarium er mest vanlege.

Fiskeartane som vert brukte som akvariefiskar, er tropiske og kjem opphavleg blant anna frå Mellom- og Sør-Amerika. Då må akvarievatnet halda temperaturar på 22–27 ͦ C. Saltvassartane kjem opphavleg frå øyane i Stillehavet. Typisk for saltvassakvariefiskar er at dei er svært fargerike.

Stadig fleire nye artar vert haldne i akvarium. Det er også vorte vanlegare å halda små reker, sniglar, skjel og krabber i stoveakvarium.

Læringsressursar

Smådyr

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter