1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. SmådyrChevronRight
  5. TropefuglarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Tropefuglar

Tropefuglar er alt frå dei store papegøyane og kakaduene til dei minste finkeartane. Tropefuglar er fargerike fuglar som opphavleg vart fanga i varmare land der dei gjerne lever i flokk.

Jente med papegøye. Foto.
Jente med papegøye

I dag vert det framleis innført villfanga fuglar til fleire land, ofte ulovleg. Dei fleste tropefuglartar vart innførte til Europa frå midten av 1800-talet. I Noreg ønskjer vi å avla på dei fuglane vi allereie har i fangenskap.

Dei vanlegaste artane vi finn i dyrebutikkar i Noreg i dag, er undulaten og sebrafinken. Dei er små, dei er relativt lette å få ungar på, og vi kan temma undulaten og læra han å «snakka».

Tropefuglar i Noreg vert selde både privat og i dyrebutikkar. Mange har dei som reine kjæledyr, medan andre er meir interesserte i å avla på fargar og utsjånad.

Læringsressursar

Smådyr

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter