Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. SmådyrChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kanin

Kaninen høyrer til harefamilien og stammar opphavleg frå det sørvestlege Europa, nærare bestemt den iberiske halvøya. Kaninen vår stammar frå den europeiske villkaninen som vart temd ganske seint i historia.

Nærbilde av kanin. Foto.

Det vitskaplege namnet på kanin er Oryctolagus cuniculus. Vi reknar med at det var franske munkar som begynte å halda kanin i bur ca. år 600 e.Kr. for å skaffa kjøt. I landbruket i Noreg var det vanleg å fôra opp kaninar til slakt, og under andre verdskrigen var det mange som hadde kaninar i bur for å forsyna familien med mat.

I dag held vi i Noreg kanin hovudsakleg som kjæledyr, men også med tanke på kjøt, skinn og ullproduksjon. Avl på kanin har gitt enorme variasjonar mellom rasane når det gjeld storleik, farge, øyrelengde og pelslengde. Kroppsvekta varierer frå eit halvt kilo til tolv kilo.

Aktivitetar med kanin

  • terapidyr (dyreassisterte intervensjonar)
  • utstillingar
  • konkurransar (kaninhopping)

Læringsressursar

Smådyr

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter