1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. SmådyrChevronRight
  5. KattChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Katt

Vi reknar med at katten har levd blant oss menneska i ca. 9000 år. Katten vart høgt verdsett som skadedyrutryddar på buplassane til menneska.

Tor katter trekker vogna med gudinna Frøya. Illustrasjon.
Frøya (Alexander Murray 1865)

Det vitskaplege namnet på katt er Felis silvestris catus. Katten har eksistert i Noreg i ca. tusen år. Somme meiner at det var vikingane som hadde katten med seg til Noreg.

Katten har også fått sin plass i norrøn mytologi, der vogna til Frøya vart trekt av to kattar. I Egypt vart katten sett på som heilag. Å drepa ein katt kunne medføra dødsstraff.

Det er to hovudtypar av kattar:

  • huskattar
  • rasekattar

Det er stor interesse for raseavl, og i utstillingsmiljøa vart norsk skogkatt godkjend internasjonalt som rase i 1977.

Aktivitetar med katt

Katten vert som oftast brukt som selskapsdyr, men også i aktiviteter som:

  • terapidyr (dyreassisterte intervensjonar)
  • utstillingar

Læringsressursar

Smådyr

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter