Vi reknar med at hunden har levd blant oss menneska i rundt 50 000 år. Truleg vart hundane tidleg brukte som vakthundar. Først mange tusen år seinare vart dei avla fram til for eksempel jakthundar og gjetarhundar.
Det vitskaplege namnet på hunden er Canis lupus familiaris. Det er forskjellige teoriar om korleis hunden kom til Noreg. Ein teori går ut på at hunden følgde med menneska under folkevandring etter siste istida.
Vi begynte tidleg å avla på bestemte brukseigenskapar her i Noreg. Enkelte rasar reknar vi derfor som norske. Dei mest kjende norske hunderasane er
- norsk elghund
- norsk buhund
- norsk lundehund
Her i landet er hunden som oftast selskapsdyr. Men dei eigenskapane hunden har, er også viktig i andre samanhengar:
Frivillige aktivitetar
- søk etter sakna personar (redningshund)
- søk etter skadeskote/skadd vilt
- lavinehund
- ravinehund
- kadaverhund (døde dyr og menneske)
- minehund
Brukshund
- gjeting av sau
Rekreasjon/interesse
- jakt
- utstillingar/avl
- konkurransar (agility/freestyle/smeller/lydnad/gjeting/hundekøyring)
Hjelpehund
- assistansehund
- blindehund
- terapihund (dyreassisterte intervensjonar)
Læringsressursar
Smådyr
Fagstoff
Smådyr
Kjernestoff- Kjernestoff
HundDu er her
Katt
KjernestoffGnagarar
KjernestoffKanin
KjernestoffAkvariefisk
KjernestoffTropefuglar
KjernestoffPinnedyr
KjernestoffSjukdom hos smådyr
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Kva kan du om smådyra våre?
Kjernestoff