1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. Agronom – husdyrproduksjonChevronRight
  5. StorfeChevronRight
  6. Avl på storfeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Avl på storfe

I åra rett etter andre verdskrigen var vi i Noreg tidleg ute med å utnytta ny kunnskap om husdyravl og statistikk. Då vart avlslaget for norsk raudt fe, det som i dag heiter Geno, etablert. Eit berande prinsipp i det norske avlsarbeidet på storfe har vore at lønnsemda for bonden skal ha første prioritet.

Det innebar blant anna at ein tidleg gjekk vekk frå å leggja vekt på ytre eigenskapar og utsjånad, og at ein ikkje førte vidare avl på såkalla stadeigne rasar på landsplan. I dag ser vi på dei gamle rasane mest som kuriositetar. Men sidan det er viktig å ta vare på eit breitt spekter av arvemateriale, og sidan det finst dei som er spesielt interesserte i dei gamle rasane, er det framleis fleire som held gamle storferasar og sørgjer for at dei vert førte vidare.

Inseminering

Eit sentralt vilkår for å kunna driva effektivt avlsarbeid på storfe var at det tidleg vart utvikla system og organisasjonar som tok seg av å måla og registrera ytinga i norske besetningar, det vi i dag kallar kukontrollen. Eit anna viktig hjelpemiddel for å oppnå effektivt avlsarbeid var kunstig inseminering. Kunstig inseminering vart endå meir brukande då ein utvikla metodar for å frysa ned sæden og distribuera han i frosen tilstand, slik at han var like brukande etter opptining. I våre dagar er det svært sjeldan at nokon held eigen okse for å bedekka kyrne – dei vert nesten berre drektige med kunstig inseminering.

Avlsmål

Dei første åra med systematisk avlsarbeid var auka mjølkeproduksjon og betre fôrutnytting det sentrale målet. Evna til kjøtproduksjon kom også tidleg med som eit avlsmål, slik at NRF i dag vert karakterisert som ein kombinasjonsrase som gir godt utbyte av både mjølk og kjøt. Talet på mål og vektlegginga av dei er etter kvart endra mange gonger. I dag er lynne, motstandsevne mot sjukdom og eigenskapar som er viktige for helse og bruken av dyra, godt etablert som sentrale avlsmål.

Eksport

At Geno var tidleg ute med å leggja vekt på så vel kombinasjonen av mjølk og kjøt som på motstandsevna mot sjukdom, har vore eit stort fortrinn som har gjort det mogleg for Geno å eksportera norsk storfesæd til andre land. På de internasjonale marknadane, og også i ein viss grad på heimebane, konkurrerer NRF med spesialiserte mjølkeraser, særleg Holstein.

Finn ut meir:

I oksekatalogen finst skildringar av oksar det kan bestillast sæd frå. Katalogen finst både som trykksak og på heimesida til GENO.

  • Få tak i oksekatalogen og studer den.

Læringsressursar

Storfe

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter