1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. Agronom – husdyrproduksjonChevronRight
  5. StorfeChevronRight
  6. MjølkeproduksjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Mjølkeproduksjon

Mjølkemengda stig raskt dei første dagane etter kalving. Det vil seia at stoffskiftet i kua raskt forandrar seg, og kua kan verta sjuk dersom ho ikkje er budd på det. Særleg aukar forbruket av energi og kalsium raskt når mjølkeproduksjonen startar – det vi kallar laktasjonsperioden.

Mjølkemengda held fram med å stiga i seks til åtte veker etter kalving, og går deretter gradvis ned fram til kua sluttar å mjølke etter om lag ti månader. Innhaldet av feitt og protein i mjølka er vanlegvis høgast kort tid etter kalving og lågast når den daglege mjølkemengda er størst, og så stig den litt utover i laktasjonsperioden

Fôring

Nyare forsking har vist at mengda energi vi fôrar kyrne med i dei første dagane og vekene etter kalving, bestemmer kor høg avdrått vi får, både per dag og gjennom heile laktasjonsperioden. Tidlegare var det vanleg å registrera ytinga til kyrne og deretter gi dei fôr etter kor mykje mjølk dei gav. No har vi tilgang til dataprogram som gjer at vi kan planleggja, føreseia og styra mjølkemengda ut frå det som gir best økonomi og utnytting av ressursane på garden. Dette kallar vi strategisk fôring.

Mjølkeproduksjon i tal

Ved starten av året 2015 var det i underkant av 8900 besetningar med mjølkekyr her i landet, og i gjennomsnitt var det nesten 24,8 kyr i kvar besetning. Talet på besetningar var gått ned med nærare 500, og talet på kyr per besetning var gått opp med 0,6 frå året før. Når vi ser nærare på storleiken på besetningane, ser vi at talet på besetningar er tilnærma like stort innanfor intervalla 1 til 14 kyr, 15 til 19 kyr, 20 til 29 kyr og meir enn 30 kyr. Det vil seia at ein firedel av besetningane høyrer til i kvar av desse gruppene når det gjeld talet på kyr.

Yting

Gjennomsnittleg årsyting for mjølkekyr i Noreg ligg på i underkant av 8000 kg mjølk per år. Dette vert rekna for eit optimalt nivå for å utnytta evna og fortrinna til kua som drøvtyggjar med vanleg godt grovfôr. Men variasjonen i yting er betydeleg, og i mange besetningar er den gjennomsnittlege årsytinga 10 000 kg eller meir. Mange, men ikkje alle som oppnår så høge ytingar, bruker relativt mykje kraftfôr.

Råmjølk

Hos storfe, i likskap med alle pattedyr, vert hormona i kroppen påverka slik at mjølkeproduksjonen hos mora startar rett etter at ho har fødd. Dei første døgna i mjølkeperioden er mjølka spesielt rik på næring som den nyfødde treng. Mjølka inneheld dessutan også immunstoff som den unge har evne til å suga opp dei første døgna. Dei er viktige for å verna det unge dyret mot infeksjon. I løpet av den første veka etter kalving går det høge innhaldet av protein, andre næringsstoff og immunstoff ned, og mjølka får den vanlege samansetjinga si. Hos ku kallar vi dei første fem døgna for råmjølksperioden. Den mjølka som vert produsert då, er svært godt eigna som fôr til kalven, men må ikkje leverast til meieriet. Råmjølka som kalven ikkje drikk fersk, bør takast vare på så ho ikkje vert sur eller skjemd på anna vis. Ho kan vera eit godt kalvefôr.

Diskuter:

  • Kva er «kalvedans»?
  • Kvifor kan vi laga det av råmjølk, men ikkje av vanleg mjølk?

Diskuter:

  • Vert strategisk fôring brukt i ei besetning du kjenner? Kvifor eller kvifor ikkje?
  • Kva er målsetjinga for årleg mjølkeproduksjon per ku i ei besetning du kjenner?
  • Kvifor er målsetjinga slik, og ikkje 1000 kg høgare eller lågare per ku?

Læringsressursar

Storfe

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter