Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. Agronom – husdyrproduksjonChevronRight
  5. StorfeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kjøtproduksjon

Dei siste tiåra har det blitt meir spesialisert kjøtproduksjon på storfe, delvis lausrive frå mjølkeproduksjon. Likevel vert om lag tre firedelar av storfekjøtet produsert på kalvar fødde av mjølkekyr. Vi produserer mindre storfekjøt enn konsumet, så produksjonen må aukast for betre sjølvforsyning.

Spesialisert kjøtproduksjon på storfe skjer ved at vi bruker rasar som gir mindre mjølk enn NRF, og der vi baserer oss på at kalvane får det meste av næringa dei treng, gjennom å suga mjølk frå mora fram til dei kan ta opp grovfôr sjølv.

Spesialisert kjøtproduksjon

Spesialisert kjøtproduksjon på storfe er mindre intensivt enn mjølkeproduksjon, både når det gjeld arbeid med stell og mjølking, og når det gjeld bruk av kraftfôr og anna konsentrert fôr. Oppfôring av storfe til slakt kan gjerast på fleire ulike måtar, og det er viktig å planleggja godt for å oppnå god lønnsemd.

Kva rase dyra er av, har mykje å seia og bør vera eit utgangspunkt for planlegginga. Dessutan er tilgangen på fôr og typen fôr viktig. Det er også forskjell på vekstevne og veksthastigheit mellom kviger og oksar; oksane veks raskast. Når om lag halvparten av kukalvane i mjølkekubesetningar vert brukt til å rekruttera nye mjølkekyr, inneber det at den andre halvparten kan brukast til kjøtproduksjon. Berre eit fåtal oksar vert haldne som avlsoksar, så nesten alle oksekalvane er tilgjengelege for kjøtproduksjon. Somme vel å kastrera oksane som skal brukast til kjøtproduksjon. Dermed vert dei rolegare og lettare å handtera, og dei eignar seg godt som beitedyr. Dagleg tilvekst er derimot vesentleg mindre for kastratar enn for oksar som ikkje er kastrerte. Det må lagast fôrplanar som tek utgangspunkt i desse vilkåra og i ønskt slaktealder.

Gruppering av slakt

Ved slakting vert dyra vurderte og delte inn i ulike klassar for type slakt, vekt, kjøtfylde og feitleiksgrad. Desse grupperingane gir ulik avrekningspris til produsenten. Prisen skal i utgangspunktet spegle prisen som slakteria kan få for produktet når dei sel det vidare, anten som kjøt eller som tilverka produkt.

Hugselappen

Tre firedelar av storfekjøtet som vert produsert, kjem frå kalvar som er fødde av mjølkekyr.

Resten av storfekjøtproduksjonen er basert på spesialiserte kjøtferasar.

Vi skil mellom lette og tunge kjøtferasar.

Diskuter

  • Dersom du skal planleggja kjøtproduksjon i ei storfebesetning du kjenner, kva type dyr vil du nytta, og kva slaktealder tek du sikte på? Grunngi svara dine.

Læringsressursar

Storfe

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter