1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. Agronom – husdyrproduksjonChevronRight
  5. StorfeChevronRight
  6. StorfeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Storfe

Dei seinare åra har forskinga gitt oss mykje ny innsikt i korleis storfe ter seg når dei får bestemma og tilpassa levemåten sin slik dei vil – når dei får utøva det vi kallar naturleg åtferd. Det er denne kunnskapen som ligg til grunn for dei nye krava til innreiing av fjøs for storfe.

Blant anna har dette ført til krav om at storfe skal ha mjukt liggjeunderlag. Dei skal også helst kunna gå fritt i staden for å stå bundne på ein bås. Dette kallar vi lausdrift. Det er også krav om at storfe, unnateke oksar, skal ut på beite i åtte veker kvar sommar. Robotanlegg for mjølking og automatar for tildeling av fôr byggjer også på ny kunnskap om naturleg åtferd hos storfe.

Åtferd, fôring og stell

I ein flokk av storfe held dyra kontakt og sender beskjedar til kvarandre ved hjelp av kroppsstilling, berøring og luktesans. Gjennom måten dei held øyra på, og stillinga på hovudet, gir dei viktige signal til kvarandre. Dersom dei kjem ut av syne for kvarandre, kan dei rauta for å få kontakten att. Dyra i ein flokk med storfe innrettar seg etter rang, der dei som står øvst, har førsteretten til mat og drikke.

Rangordninga vert etablert anten gjennom trugande åtferd, eller med direkte knuffing og slåsting. Dei dyra som har horn, står høgare i rang enn dei dyra som er kolla. Vi som har ansvar for dyra, må sørgja for at det er mange nok plasser der dei kan eta og drikka, slik at også dei dyra som står nedst på rangstigen, får i seg det dei treng. Luktesansen er særleg viktig for kontakten mellom ku og kalv.

Diskuter:

  • Nemn argument for og imot lausdrift for mjølkekyr.
  • Ta utgangspunkt i ei besetning du kjenner. Korleis kan vi best leggja til rette for at storfe skal kunna gå på beite om sommaren?

Planteetarar

Hovudgrunnen til at vi held storfe som husdyr, er at storfe er planteetarar og har evna til å utnytta gras og omdanna gras til nyttige matvarer som mjølk og kjøt. Nettopp dette at dei er grasetarar, er veldig viktig å ta omsyn til når vi skal fôra dyra. Gras må vera hovudfôret til drøvtyggjarar. Dei må ha mykje gras for at fordøyingssystemet skal fungera normalt. Høgtytande mjølkekyr og dyr som skal veksa raskt, må ha kraftfôr i tillegg. Men gras og grovfôr må vera hovudfôret.

Ku og kalv

Kalvinga og kalven er heilt sentrale i storfeproduksjonen. Ei kvige er som regel om lag to år gammal når ho får sin første kalv, og ho får deretter vanlegvis éin kalv i året – berre unntaksvis tvillingar. Alle kalvane representerer liv som kan brukast til nye mordyr eller til produksjon av kjøt. Kalvinga er starten på ein ti–elleve månader lang periode med mjølkeproduksjon hos kua. Får ikkje kua ein ny kalv kvart år, stoppar den normale produksjonen av både mjølk og kjøt. Derfor er drektigheit og kalvefødslar heilt avgjerande for økonomien i produksjonen.

Livssyklus hos storfe

Fôring av kalv

Kalven diar mora fem til ti gonger i døgnet den første månaden dersom han får høve til det. Dersom kalven vert skild frå mora, må han få mjølk like ofte den første tida. Dei første dagane er mjølka frå kua særleg rik på næringsstoff og immunstoff som vernar mot infeksjon. Kalven fungerer som eit einmaga dyr dei første vekene og månadene. Han bør ha tilgang til ferskt og godt grovfôr og kraftfôr allereie frå første leveveka, sidan dette er viktig for å utvikla drøvtyggjarfunksjonen raskt.

Avvenning

Kalvane kan avvenjast frå mjølk når dei tek opp 1,0 kg kraftfôr om dagen. Det gjer dei vanlegvis når dei er eit par månader gamle. Det finst gode planar for korleis kalvar bør fôrast, og for korleis vi kan utnytta ekstra råmjølk som fôr for kalvane. God hygiene, god helse og godt stell er også viktig for at kalvane skal ha det bra, og for at dei skal utvikla seg og veksa best mogleg.

Finn ut meir:

  • Finn fram til ein fôrplan for kalv.
  • Kva er reglane for kor lenge ku og kalv skal gå saman i konvensjonell og i økologisk mjølkeproduksjon? Kva meiner du er best? Grunngi svaret ditt.

Læringsressursar

Storfe

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter