1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. Agronom – husdyrproduksjonChevronRight
  5. SauChevronRight
  6. Sau: reproduksjon og avlChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sau: reproduksjon og avl

Både paring og fødsel går som oftast føre seg medan sauene er innandørs. Søyene viser brunst og er paringsvillige seint om hausten, i november eller desember. Søyene er drektige i 150 dagar eller snautt det. Vi planlegg paringa slik at lamminga skjer om lag tre veker før sauene kan sleppast ut på beite.

Det er sjølvsagt ikkje lett å vita i november når våre kjem året etter, men vanlegvis går det ganske bra å treffa tidspunkta for paring, fødsel og beiteslepp. Avlsarbeidet med sau er ofte organisert i såkalla vêrringar, der fleire sauebønder bruker dei beste vêrane systematisk.

Inseminering

For å førebyggja spreiing av sjukdom hos sau er det dei seinare åra innført restriksjonar på transport av avlsdyr. Dette har ført til at kunstig inseminering er vorte meir utbreidd, trass i at det ikkje er like lett å få kunstig inseminering til å fungera hos sau som det er hos storfe.

Fôring når søyene er drektige

Mot slutten av drektigheitstida er det tilrådd å gruppera søyene etter alder og tal på foster. Då kan fôringa i best mogleg grad tilpassast næringsbehovet. Særleg er drektige åringar krevjande, sidan dei både skal ha næring til foster og til nye lam, samtidig som dei har behov for næring til eigen tilvekst. Det kan diskuterast om lamma bør bedekkast i det første leveåret sitt, men av omsyn til lønnsemd og produktivitet vert dette vanlegvis tilrådd.

Diskuter

  • Nemn viktige argument for og imot å bedekka lam første hausten dei lever.

Læringsressursar

Sau

SubjectEmne

Fagstoff