Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. Agronom – husdyrproduksjonChevronRight
  5. FjørfeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Avl og reproduksjon

Blant fjørfe var det i tidlegare tider mange ulike rasar med forskjellig særpreg. Somme av hønserasane hadde dyr som var relativt små av vekt og produserte mange egg kvart år, medan andre var store og kraftige og produserte mykje kjøt.

Kylling og egg. Foto.

Etter kvart vart det gjort eit skilje, slik at nokre rasar vart brukte til eggproduksjon, og nokre til kjøtproduksjon.

Etter at det kom moderne metodar for avl og utval av avlsdyr, vart desse metodane sjølvsagt også tekne i bruk for avl på fjørfe. Mest innsats har det vore i avlsarbeidet for dei to rasane som har størst økonomisk betydning internasjonalt: høns og kalkun.

Mange avkom

Det biologiske grunnlaget for effektiv avl og rask avlsmessig framgang er vesentleg betre hos høns enn hos andre husdyrartar. Samanliknar vi høns og storfe, veit vi til dømes at medan hønene vert kjønnsmogne og produserer avkom allereie før dei er eit halvt år gamle, og deretter kan få om lag 300 avkom på eitt år, treng kviger to år før dei kalvar, og deretter får dei éin kalv i året. Dermed har vi mange fleire avkom å velja blant gjennom vesentleg kortare tid hos fjørfe enn hos storfe.

Import av avlsmateriale

Dei gode biologiske føresetnadene for effektivt avlsarbeid vart utnytta i Noreg gjennom mange tiår, og det vart gjort store framsteg i avl av høns. Men etter kvart viste det seg at den nasjonale norske avlen ikkje på langt nær vart så effektiv som det avlsarbeidet som store internasjonale firma driv. Derfor vart nasjonal norsk avl med høns avvikla tidleg i 1990-åra. Sidan då har vi importert avlsdyr til både verpehøns og slaktekyllingar.

Internasjonalt avlsarbeid

I dag vert avlsarbeidet med verpehøner og slaktekyllingar drive av store internasjonale firma. Dei utviklar stadig nye og meir produktive linjer av dyr, berekna for optimal produksjon når linjene vert kryssa for å oppdretta dei dyra som skal brukast i produksjonen. Frå dei internasjonale avlsfirmaa vert dei dyra som skal verta besteforeldre, importerte til eit felles oppdrettsanlegg for heile Skandinavia. Derifrå vert det levert kyllingar som vert sende til Noreg for å verta foreldre for produksjonsdyra som skal brukast her.

Kyllingoppdrett

Nokre oppdrettarar produserer kyllingar som skal verta bruksdyr. For verpehøns finst spesialiserte oppdrettarar som har ansvaret for å ala opp dyra til dei nærmar seg alderen då dei startar å verpa, slik at dei vert leverte til bruksbesetningane når dei er om lag 18 veker gamle. For produksjon av slaktekylling vert daggamle kyllingar leverte frå klekkeri til oppdrettar. Dette systemet for avl og oppdrett omfattar dermed mange ledd. Dei er avhengige av kvarandre for å oppnå gode resultat, og systemet må derfor byggja på gode avtalar og på at alle ledd i kjeda gjer sin del av jobben i samsvar med ein oppsett plan. Ein av fleire utfordringar i dette systemet er å sørgja for at det ikkje kjem smitte av sjukdom inn til Noreg med import av avlsdyr.

Kalkun og andre artar

Produksjonen og forbruket av kalkunkjøt er vesentleg større i Storbritannia og USA enn her til lands. I dei landa vert det også drive eit betydeleg avlsarbeid med kalkun. Nokre gonger vert det opna for import av avlsdyr hit til landet. Då er det krav om gode og sikre opplegg for å unngå smitte. Dyr vert valde frå smittefrie besetningar, og dyra må i karantene før det vert gitt løyve til å bruka dei i Noreg. Tidlegare hadde vi ein eigen avlsstasjon for ender i Noreg, men han er avvikla. No for tida vert det derfor drive lite systematisk avlsarbeid med vaktlar, ender og gjæser utover det som skjer i den enkelte besetninga.

Hugselappen

Det vert nytta ulike rasar til egg- og kjøtproduksjon.

Fjørfe får mange avkom på kort tid, og det er derfor effektivt å driva avlsarbeid.

I 1990-åra vart det norske avlsarbeidet avslutta. I dag importerer vi avlsmateriale.

Det er for høns og kalkun det vert drive aktivt avlsarbeid.

Oppgåve:

Når vi driv avl, ønskjer vi å kunna velja ut den beste dottera som mor for neste generasjon.

  • Kor mange døtrer har vi å velja mellom etter ei ku og etter ei høne som lever så lenge som gjennomsnittet av arten, til dømes seks år og halvtanna år?
  • Kor mange døtrer har vi å velja mellom for kvart år mora lever?

Læringsressursar

Fjørfe

SubjectEmne

Fagstoff