1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. Agronom – husdyrproduksjonChevronRight
  5. GrisChevronRight
  6. Om gris og grisehaldChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Om gris og grisehald

Gris held vi først og fremst fordi han er eit husdyrslag som er effektiv til produksjon av kjøt. For bonden som held gris, og for landbruket som heilskap, er grisen viktig fordi han gir ekstra inntekter og sysselsetjing på mange gardsbruk.

Produksjonen av svinekjøt er også viktig for dei som er sysselsette i næringar med tilknyting til landbruket, slik som fôrindustrien, transportnæringa, slakteria og foredlingsverksemdene.

Produksjonen av gris er delt, slik at somme besetningar held avlspurker og aler opp smågriser, medan andre spesialiserer seg på å fôra opp slaktegris. Då kjøper dei smågris frå purkebesetningane og fôrar dei fram til ferdige slakt med ei levandevekt på 100 kg eller litt over. Ved inngangen til 2015 var det om lag 1150 besetningar med avlspurker og om lag like mange besetningar med berre slaktegris her i landet. Dei siste åra har det vorte slakta om lag 1,6 millionar griser kvart år.

Finn ut meir:

  • Observer og skildre korleis ei grisepurke oppfører seg når ho skal gi ungane mjølk, og forklar korleis ho bruker lyd for å gi beskjed til grisungane om at «no er det mat å få».

Læringsressursar

Gris

SubjectEmne

Fagstoff