1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. Agronom – husdyrproduksjonChevronRight
  5. GrisChevronRight
  6. Avl og reproduksjon grisChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Avl og reproduksjon gris

Ei grisepurke går drektig i omkring 114 dagar. Det er vanleg å rekna med tre månader, tre veker og tre dagar. I motsetning til kua er ikkje purkene paringsvillige, og dei vert ikkje drektige så lenge dei går med smågriser og produserer mjølk til ungane.

Derfor går det minst éin drektigheitsperiode, éin dieperiode og så nokre dagar ekstra mellom kvar gong purka kan bedekkast. Det inneber at ei avlspurke berre får litt over to kull per år. Men sidan kulla er relativt store, kan ei avlspurke bera fram mange levandefødde ungar kvart år.

Avlsarbeid

Svineavlen i Noreg er langt framme, og avlsorganisasjonen Norsvin har i likskap med søsterorganisasjonen Geno satsa på eksport for å fordela kostnadene ved avlsarbeidet på fleire enn berre dei norske husdyrhaldarane. Handel med husdyrgen er «big business», og for å lykkast internasjonalt kan det vera nødvendig å byggja alliansar og samarbeida med andre selskap innanfor den same bransjen. Norsvin har derfor etablert eit felles selskap saman med det nederlandske selskapet Topigs.

Inseminering

Det er vanleg å nytta kunstig inseminering hos gris. Sidan det ofte kan vera krevjande å finna ut når avlspurkene er brunstige og lettast kan verta drektige, er det mange som held ein råne i grisehuset for å stimulera brunsten hos purkene.

Avlsmål

I tidlegare tider vart det gjort avl innanfor éin og same svinerasen i Noreg, norsk landsvin. Raskare dagleg tilvekst, mindre ryggspekk og betre fôrutnytting var dei sentrale avlsmåla i dei første tiåra med systematisk svineavl etter andre verdskrigen. Måling av ryggspekk vart erstatta av måling av kjøtprosent.

Etter kvart kom omsyn til helse og fruktbarheit med. Det vart gjort store framsteg med avlen på landsvin, og dette er grunnlaget for at norsk gris er blant dei beste i verda på tilvekst, fôrutnytting og helse i dag. Det har vist seg at vi får den beste produktiviteten og dei sunnaste dyra dersom vi avlar fram foreldredyr innanfor eit fåtal griserasar og så kryssar dei etter eit gitt system. I Noreg har vi lenge drive avl på yorskhire-gris og kryssa den med landsvin. I dei seinare åra er avlsprogrammet dessutan supplert med dyr av rasane duroc og hampshire. I dag vert det drive systematisk kryssing med fleire rasar som tilfører ulike eigenskapar og gir produktive og robuste bruksdyr.

Utvalet av avlsdyr i desse programma er basert på nøyaktige målingar og registreringar. Norsvin og etter kvart Topigs-Norsvin har lenge vore langt framme på verdsbasis i arbeidet med å ta i bruk moderne teknologi for å velja avlsdyr. Grunnlaget for suksessane i norsk og internasjonal svineavl vert lagt gjennom dette arbeidet.

Finn ut meir:

Bruk ein rapport frå Ingris om ei besetning.

  • Finn ut kva kjøtprosenten har vore i siste perioden.
  • Er dette betre eller dårlegare enn gjennomsnittet for landet, og kva kan gjerast for å betra kjøtprosenten?
  • Kva vil det bety økonomisk om kjøtprosenten vart betre?
  • Er det andre mål for produktiviteten som endrar seg dersom kjøtprosenten vert betre?

Film der vi ser arbeidet på ein rånestasjon

Læringsressursar

Gris

SubjectEmne

Fagstoff