Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. Agronom – husdyrproduksjonChevronRight
  5. HusdyrhaldChevronRight
  6. Spel Alias med omgrep frå husdyrhaldetChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Spill

Spel Alias med omgrep frå husdyrhaldet

Har du spelt Alias nokon gong? I denne oppgåva skal du forklara ord etter reglane i spelet Alias. Det er ein morosam og lærerik måte å øva inn fagomgrep på.

Ungdommer gjør gruppearbeid

Alias er eit spel som går ut på å forklara ord til medspelaren på same laget utan å bruka sjølve ordet. I originalversjonen skal ein til dømes forklara ordet BUSS, og kan då seia: «kollektivt køyretøy som fraktar personar, motorisert, stoppar på haldeplassar» osv. I denne versjonen skal elevane forklara faguttrykk utan å bruka sjølve ordet.

Del klassen inn i grupper på fire, som igjen vert delt inn i to par. Då er to og to på lag, og speler mot det andre paret i firargruppa. Gruppa får utdelt faguttrykka. Kvart lag får eitt minutt til å forklara fagomgrepa for kvarandre. Dei to som ikkje er på det aktive laget, passar tida. Laget gjettar så mange ord som mogleg på eitt minutt og får eitt poeng for kvart ord dei gjettar rett. Laga speler annankvar gong heilt til alle lappane er brukte opp. Det laget som har flest rette, er vinnaren innanfor firargruppa.

Forklar omgrepa:

  1. husdyr
  2. kjæledyr
  3. dyrevelferd
  4. naturleg åtferd
  5. temming
  6. avlsdyr
  7. nedarvingsevne
  8. husdyravl
  9. inseminasjon
  10. drøvtyggjarar
  11. einmaga dyr
  12. altetar
  13. fôrutnytting
  14. veterinær
  15. lausdrift
  16. fjørfe
  17. støvbading
  18. vagle
  19. mjølkerobot
  20. kvige
  21. beite
  22. planteetar
  23. norsk raudt fe
  24. kjøtfe
  25. kraftfôr
  26. søye
  27. grising
  28. brunst
  29. vêr
  30. norsk kvit sau
  31. purke
  32. drektigheitsperiode
  33. slaktekylling

Kopioriginal, lappar med omgrepa:

Alias med begrep

Filer

Læringsressursar

Husdyrhald

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter