1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. Agronom – husdyrproduksjonChevronRight
  5. HusdyrhaldChevronRight
  6. HusdyravlChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Husdyravl

For å kunna velja avlsdyr på godt grunnlag må vi ha registreringar av dei eigenskapane vi skal gjera utval for. Vi måler og registrerer til dømes mjølkeyting, tilvekst, fôrutnytting, åtferd og førekomst av sjukdom hos dyra. Det kan vera stor variasjon mellom individa i ei besetning.

Kor mykje av framtoningen, funksjonen og prestasjonen til dyra som er bestemt av arveanlegga, er det vi kallar arvegrad eller nedarvingsevne.

Nedarvingsevne

Dersom arveanlegga er svært avgjerande, er nedarvingsevna høg, medan nedarvingsevna er låg for eigenskapar der arveanlegga berre avgjer ein liten del. For eksempel kan nokre eigenskapar ved utsjånaden – som horn/kollete hos kyr – ha høg nedarvingsevne, medan motstandsevna mot sjukdom gjerne er meir påverka av miljø enn av arv, slik at denne eigenskapen har låg nedarvingsevne. For eigenskapar knytte til yting, som mjølkeproduksjon eller tilvekst, ligg nedarvingsevna mellom høg og låg.

Registrering

Moderne husdyravl handlar om at vi ser på store grupper av dyr under eitt. I arbeidet nyttar vi eit breitt sett av metodar for å velja nedarvingevne og fastslå kva arvelege eigenskapar kvart individ har. Ein viktig del av dette arbeidet er å registrere yting og åtferd hos slektningar – foreldre, besteforeldre, søsken eller avkom. Det vert også introdusert nye metodar for å bestemma arveeigenskapane til individa gjennom kartlegging av gena på DNA-molekylet. Dette vert kalla genomisk seleksjon, og er i første omgang aktuelt å ta i bruk hos storfe.

Avlsindeks

Når vi kjenner nedarvingsevna og avlsverdien til kvart av dyra, må vi velja kva eigenskapar det skal leggjast mest vekt på når vi vel ut framtidige foreldredyr. Slike val vert i dag gjorde ved hjelp av omfattande analysar av store mengder data. Det vert lagt vekt på mange ulike eigenskapar i moderne avlsarbeid. For 50 år sidan låg hovudvekta å produksjonseigenskapane, som mjølkeyting og tilvekst. Etter kvart har det vorte utvida til å gjelda ei heil rekkje eigenskapar. Blant anna er helse og motstandsevne mot sjukdom vorte prioritert. Middelverdien av alle eigenskapane vert uttrykt talmessig som ein avlsindeks. Kor mykje vekt vi legg på dei ulike eigenskapane, vert kalla avlsmålet.

Eksportvare

Noreg har gjennom mange tiår vore verdsleiande innanfor husdyravl. Det kjem av den heldige kombinasjonen av dyktige forskarar og eit godt samarbeid mellom forskarane og dei produsenteigde avlsorganisasjonane. Derfor har avlsorganisasjonane for storfe og svin, Geno og Norsvin, i dag ein betydeleg eksport av sæd og avlsmessig kompetanse til andre land, ofte land med vesentleg større husdyrproduksjon enn vi har i Noreg. Dette gjer at organisasjonane får avkastning på dei investeringane som er gjorde i avlsarbeidet, og håpet er at inntektene frå eksporten kan vere med på å dekkja delar av kostnadene for norsk avlsarbeid framover.

Diskuter:

  • Kva er genomisk seleksjon?
  • Kva eigenskapar er viktige i avlsmålet for norsk raudt fe og for norsk gris?

Læringsressursar

Husdyrhald

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter