Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. Agronom – husdyrproduksjonChevronRight
  5. HusdyrhaldChevronRight
  6. Behovet husdyra har for naturleg åtferdChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Behovet husdyra har for naturleg åtferd

Temming av husdyr er ein prosess som har gått over fleire hundreår og tusenår. Korleis det heile starta, veit vi ikkje heilt sikkert. Men det er grunn til å tru at husdyrhald oppstod fleire stader i verda, meir eller mindre uavhengig av kvarandre.

Dessutan reknar vi med at temminga var ein prosess som gjekk gradvis, ved at menneske og dyr fann det fordelaktig å leva nær kvarandre og å dra nytte av kvarandre. Menneska hadde openbert fordel av å utnytta husdyra og produkta deira, som mjølk, kjøt, egg, ull og skinn. Men i mange tilfelle kan vi sjå for oss at dyra også erfarte at det var fordelaktig å leva i nærleiken av menneska. Der menneska budde, var det som regel færre rovdyr enn mange andre stader, og det var i mange tilfelle tilgang på matrestar som dyra kunne utnytta. Men i mange situasjonar har det sikkert også vore slik at dyra vart fanga og haldne innesperra av menneska, som utnytta dei til mat og trekkraft.

Krav til dyrevelferd

Dei nye krava om dyrevelferd fører til at dyra på mange måtar har det betre enn tidlegare. Men nye krav, reglar og driftsformer kan også skapa nye utfordringar. Det er fordi dyra som lever i flokk på tilnærma naturleg vis, etablerer rangordningar innanfor flokken, og i mange tilfelle kan dei som står nedst på rangstigen, verta dårleg behandla av dei andre. Hos storfe kan vi sjå at dei vert stonga og stengde ute frå fôr eller vatn, hos gris kan vi sjå brutal halebiting, og hos fjørfe kan hakkinga av artsfrendar verta svært brutal. Det er ei sjølvsagd plikt for dei som har ansvaret for dyra, å leggja til rette for at slike uheldige utslag av det vi kan kalla naturleg åtferd i ein dyreflokk, vert avgrensa i så stor grad som råd.

Naturleg åtferd

Ei anna følgje av at det kjem nye krav om å leggja til rette for at dyra skal kunna utøva den naturlege åtferda si i større grad enn tidlegare, er at gamle hus og innreiingar må erstattast med nye – i mange tilfelle lenge før dei er utslitne eller nedskrivne. Dette kostar sjølvsagt pengar for bøndene det gjeld. Krav om lausdrift for mjølkekyr eller purker, og krav om utskifting av gamle bur for verpehøns, har kosta og kostar bønder mykje pengar. Det er derfor viktig at nye reglar vert innførte gradvis og med rimeleg langt overgangsordningar, og at det i ein del tilfelle vert gitt støtte til ombygging eller ominnreiing. Men for næringa som heilskap og for tilliten og støtta til norsk husdyrproduksjon er det viktig at vi tek i bruk ny kunnskap og ny teknologi for å ta hand om det behovet dyra har for å utøva naturleg åtferd.

Løsdriftsfjøs. Foto.
Lausdriftsfjøs

Diskuter

  • Kva inneber kravet om lausdrift for mjølkekyr, og når skal alle kyr gå i lausdrift?
  • Kva er støvbading, og kvifor gjer hønene det?
  • Korleis skal ein vagle for verpehøner formast ut?
  • Nemn nokre grunnar til at høner eller griser vil halda seg nær menneske.
  • Du skal setja bjølle på ei ku i ein flokk. Korleis skal du velja ut den kua som skal bera bjølla?
  • Kva trur du kan vera bakgrunnen for nemninga «hakkekylling»?
  • Nemn døme på at bønder du kjenner til, har måtta byggja om fjøs, grisehus eller hønsehus for å tilfredsstilla nye krav til dyrevelferd.

Læringsressursar

Husdyrhald

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter