Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. Agronom – husdyrproduksjonChevronRight
  5. HusdyrhaldChevronRight
  6. Fôr og fôringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fôr og fôring

Både drøvtyggjarar og einmaga dyr har sine fordelar og ulemper. Vi treng begge dyregruppene, og dei husdyrartane vi held her til lands i dag, er godt tilpassa til ressursane vi rår over. Husdyra våre har ei rolle å spela i norsk husdyrproduksjon i dag og framover.

Drøvtyggjarar

Den viktigaste eigenskapen til drøvtyggjarane er at dei har eit gjæringskammer i kroppen, i formagane. Der lever det millionar av ulike mikroorganismar som har evna til å bryta ned kompliserte bindingar i fôrplantene. Dette frigjer næringsstoffa i gras og anna fôr slik at dyra kan utnytta det. Drøvtyggjarane og mikroorganismane i formagane er gjensidig avhengige av kvarandre – dei lever i ein symbiose. Denne eigenskapen ved drøvtyggjarane gjer at dei kan utnytta gras og andre vekstar som vi menneske ikkje kan utnytta. Når drøvtyggjarane får fungera normalt og leva ut den naturlege åtferda si, bruker dei lang tid på å vandra rundt og samla fôr på beitemarkene. Medan dei beitar aktivt, svelgjer dei fôret. Mellom periodane med aktiv beiting tek dyra pausar der dei gulpar opp att fôret og tygg det på nytt. Kvar bit med fôr kan passera ned og opp att gjennom matrøyret fleire gonger. Det er denne prosessen med å samla fôr som så vert gulpa opp att og svelgt fleire gonger, som vert kalla drøvtygging, og som har gitt namn til denne dyregruppa.

Einmaga dyr

Gris og fjørfe har ikkje dei same føresetnadene som drøvtyggjarane til å utnytta gras og liknande vekstar. Dette er fordi dei berre har éin mage, slik som vi menneske. Fordøyingssystemet til grisen liknar veldig på fordøyingssystemet hos menneska. Gris og fjørfe må få fôr som er lett å fordøya, slik at næringsstoffa i fôret kan verta frigjorde og tekne opp i tarmane til dyra utan å verta omarbeidde av mikroorganismar først. I praksis fôrar vi i dag fjørfe og gris med spesialtilpassa kraftfôrblandingar. Tidlegare fekk desse dyra ofte skuler og matavfall frå hushaldet på garden, men moderne krav til hygiene gjer at dette ikkje lenger er aktuelt. Gris og fjørfe vert kalla altetarar, sidan dei kan eta fôr som stammar både frå planter og dyr. Drøvtyggjarar og hestar vert kalla planteetarar, sidan dei er best tilpassa ein fôrsetel med mest plantemateriale.

Gras som hovudfôr

Fordelen med drøvtyggjarar er at dei kan ha gras som hovudfôr. I eit land som Noreg er det ein stor fordel. Drøvtyggjarane tek vare på og utnyttar ressursar som ingen andre kan utnytta. Dei er derfor heilt avgjerande for at vi skal kunna utnytta ressursgrunnlaget både i innmark og i utmark, og for at folk skal kunna bu og arbeida over heile landet. I tillegg forsyner dei oss med god og næringsrik mat – og sauen gir oss ull.

Effektiv fôrutnytting

Eit av dei viktigaste fortrinna til einmaga dyr er at dei har ei effektiv fôrutnytting. I praksis kan dei også medverka til at ein gard kan utvida næringsgrunnlaget, sidan fôret i hovudsak er kraftfôrblandingar som uansett må kjøpast utanfrå.

Diskuter:

  • Kva er ein mikroorganisme?
  • Forklar symbiose.
  • Kva er ein altetar?
  • Er vi menneske altetande?

Læringsressursar

Husdyrhald

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter