Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. Agronom – husdyrproduksjonChevronRight
  5. HusdyrhaldChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Husdyrproduksjon som yrke

I våre dagar er husdyrhald og husdyrproduksjon ein viktig næringsveg i Noreg. Mange menneske lever av husdyrhald, anten dei er bønder, røktarar, veterinærar, sjåførar som køyrer kraftfôr eller slaktedyr, eller dei er tilsette i industri som produserer fôr eller som foredlar og sel produkta som vert laga.

Ulike produkt og tenester

Mjølk, kjøt og egg er dei viktigaste produkta frå husdyrhaldet. Dette er matvarer som smakar godt og vekkjer appetitten, og som tilfører viktige og nyttige protein, mineral og vitamin, i tillegg til energi. Ull og skinn er også inntektskjelder frå husdyrhaldet. Ei viktig teneste som husdyrhaldet gir samfunnet, er pleie av landskapet og det å leggja grunnlaget for at det kan bu folk spreidd rundt i ulike delar av landet.

Spesialisert produksjon

I tiåra etter andre verdskrigen har norsk husdyrproduksjon utvikla seg og vorte meir spesialisert. Det har vorte vesentleg færre dyreartar på dei fleste gardane, talet på dyr i kvar besetning har gått opp, produksjonen per dyr og produksjonen per person som er sysselsett i næringa, har auka kraftig. Rasjonaliseringa og effektiviseringa har vore minst like sterk innanfor husdyrbruket som i andre næringar. Derfor er husdyrhald i dag eit spesialisert og krevjande, men samtidig eit svært interessant yrke.

Diskuter

  • Kvifor er kjøt og mjølk viktige matvarer?
  • Nemn nokre yrkesgrupper som jobbar med husdyr.
  • Har du sett ein mjølkerobot i bruk?
  • Er det god dyrevelferd å bruka mjølkerobot? Grunngi svaret.

Læringsressursar

Husdyrhald

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter