1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. HMSChevronRight
  5. Personlege redningsmiddel på fartøyChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Personlege redningsmiddel på fartøy

Tryggleik har førsteprioritet om bord i ein båt. Kvar enkelt må kunna bruka flyteplagg, overlevingsdrakt, redningsvestar og anna personleg tryggingsutstyr.

Å arbeida om bord i ein båt medfører risiko. Dersom uhellet skulle vera ute, er det viktig at alle veit kva dei skal gjera. Det er krav til kva som skal finnast av personleg redningsutstyr om bord, og til opplæring av mannskapet.

Overlevingsdrakta

På fartøy over 10,67 meter skal det vera overlevingsdrakt alle som er om bord. Overlevingsdrakta held deg varm og tørr dersom du må gå i sjøen. Filmen viser korleis du tek på deg drakta. Dette må du øva på.

Redningsvest med faste flytemiddel

Mann med redningsvest. Foto.

Det finst også mange typar redningsvestar og flytevestar med faste flytemiddel. Dei er rimelegare enn dei oppblåsbare. Frå 1. mai 2015 er det påbode med redningsvest for alle, også i fritidsbåtar.

I mange tilfelle er flytemidla i desse vestane store og kan vera i vegen når ein skal arbeida. Om bord i arbeidsbåtar og fiskebåtar kan det likevel vera aktuelt med slike vestar i tillegg til flyteplagg, eller til eventuelle passasjerar.

Ver merksam på at det er godkjenningsordningar for vestar og anna redningsutstyr, og at krava er knytte til type fartøy: Forskrift om redningsredskaper m.m. på fiske- og fangstfartøy

Livbøyer

Redningsbøye. Foto

Livbøyer er flyteringar berekna på å kasta ut til folk som har falle i vatnet. Bøyene er utstyrte med redningsline, sjølvtennande røyksignal og bøyelys. Alle skip skal ha eit visst tal livbøyer om bord. Redningsselskapet, forsikringsselskap og andre organisasjonar plasserer ut redningsbøyer på kaier, ved badeplassar og andre stader langs kysten.

Varmeposar

Varmepose. Foto.

Varmeposen vernar mot regn, vind og kulde. Posen har eit metallag på innsida som tek vare på kroppsvarmen til personen som er inni.

Varmeposar finst i livbåtar og redningsflåtar. Det er viktig å ta på varmeposen så raskt som mogleg for å hindra nedkjøling mens ein ventar på bergingsmannskap.

Oppblåsbar redningsvest

Oppblåsbar redningsvest. Foto.

Det er også krav om redningsvest til kvar person om bord. Det finst mange typar redningsvestar. Dersom vi skal arbeida med vesten på, er ein oppblåsbar vest best. Han er lett og behageleg å ha på.

Dersom du dett i vatnet, vil gass frå ei lita patron verta frigjort og fylla vesten. Dette held deg flytande til du får hjelp til å koma deg opp. Når vesten har blåse seg opp ein gong, må patrona skiftast.

Slike redningsvestar eignar seg også ved arbeid på merdar eller på andre flytande installasjonar.

Flyteplagg

Mann i redningsdrakt. Foto.

Flyteplagg er ikkje redningsutstyr, men er likevel med på å betra tryggleiken. Dette er klede som har flyteelement innsydd. Det finst både bukser og jakker med flytemiddel. Arbeidstøy med flytemiddel er behagelege å ha på. Dersom du dett i sjøen, får du få ekstra oppdrift som held deg flytande ei stund. Plagga kan likevel ikkje erstatta redningsvest eller overlevingsdrakt.

Læringsressursar

HMS

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter