Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. HMSChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Hygiene og smitteavgrensing

Den vanlegaste måten å spreia smittestoff på er via hendene våre, klede og fottøy. Slik hindrar du spreiing av smitte i bedrifta.

Friske dyr

Levande og friske dyr og fisk har eit immunforsvar som vernar dyret mot sjukdom og smitte. Hud og fordøyingssystem utan sår hindrar mikroorganismar i å koma inn i kroppen.

Men dette vernet held ikkje når smittepresset vert for høgt. Det vil seia at dersom det er mange nok av mikroorganismane, vil dei gi sjukdom sjølv hos dyr som i utgangspunktet er friske. Det er derfor avgjerande å halda mengda smittestoff nede.

Tiltak mot smittespreiing

Smittesluse. Foto.

For å hindra at bakteriar kjem inn i anlegg og driftsbygningar, vert det mange stader nytta smittesluser. Her tek ein av seg skor og yttertøy og skiftar til arbeidstøy som berre vert brukt inne på anlegget. Ein vaskar og desinfiserer hendene. Besøkjande får låna fottøy eller bruker skoovertrekk.

Hender overfører mykje smitte. Ein god regel når du er på besøk, er å ha hendene i lomma.

Orden og reinhald

Ingen mikroorganismar kan leva dersom dei ikkje får næring. Fôrrestar, ekskrement, slim og annan skit er mat for mikroorganismane. Godt reinhald er derfor viktig. Både utstyr, arbeidstøy og sjølve lokala må vaskast jamleg. God orden gjer det enklare å halda reint.

Personleg hygiene

Personleg hygiene omfattar kroppsvask, hårstell, vask av hender og negler, og reine klede. Vi må vaska hendene når vi går frå ei avdeling til ei anna, og etter toalettbesøk. God personleg hygiene er ikkje minst viktig ved behandling av råvarer, anten det er snakk om mjølk, fiskefilet eller meir tilverka produkt.

Les meir om hygiene på arbeidsplassen i næringsmiddelbransjen.

Sjuke dyr

Dersom det bryt ut sjukdom blant dyra eller fisken, vil veterinæren innføra tiltak for å hindra vidare spreiing av smitta. Slike situasjonar krev ekstra merksemd om hygienen.

Læringsressursar

HMS

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter