Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. Agronom – plantedyrkingChevronRight
  5. Dyrking av eng og fôrvekstarChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Spill

Spel Alias med omgrep frå eng og fôrdyrking

Har du spela Alias nokon gong? I denne oppgåva skal du forklara ord etter reglane i spelet Alias. Det er ein morosam og lærerik måte å øva inn faguttrykk på.

Gruppearbeid. Foto.
Gruppearbeid

Alias er eit spel som går ut på å forklara ord til medspelaren på same laget utan å bruka sjølve ordet. I originalversjonen skal ein til dømes forklara ordet BUSS, og kan då seia: «kollektivt køyretøy som fraktar personar, motorisert, stoppar på haldeplasser» osv. I denne versjonen skal elevane forklara faguttrykk utan å bruka sjølve ordet.

Del klassen inn i grupper på fire, som igjen vert delt i to par. Då er to og to på lag, og spelar mot det andre paret i firargruppa. Gruppa får utdelt faguttrykka. Kvart lag får eitt minutt per tur til å forklara faguttrykka for kvarandre. Dei to som ikkje er på det aktive laget, passar tida. Laget gjettar så mange ord som mogleg på eitt minutt og får eitt poeng for kvart ord dei gjettar rett. Laga spelar annankvar gong heilt til alle lappane er brukte opp. Det laget som har flest rette, er vinnaren innanfor firargruppa.

Forklar uttrykka:

  1. natureng
  2. innmarksbeite
  3. kultureng
  4. kulturlandskap
  5. fulldyrka
  6. beitepussar
  7. engbelgvekstar
  8. overflatedyrka
  9. attlegg
  10. grøntfôr
  11. grovfôr
  12. forgrøde
  13. dekkvekst
  14. breisåing
  15. plansilo
  16. drenering
  17. frøblanding
  18. tårnsilo
  19. radsåing
  20. biologiske skadar
  21. rundballar
  22. ensilering
  23. fysiske skadar
  24. fôrhaustar

Kopioriginal, lappar med omgrepa:

Alias med begrep

Filer

Læringsressursar

Dyrking av eng og fôrvekstar

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter