Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. Agronom – plantedyrkingChevronRight
  5. Dyrking av eng og fôrvekstarChevronRight
  6. Konservering og lagring av engavlingaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Konservering og lagring av engavlinga

Det er gjort omfattande forsøk med å samanlikna ulike måtar å konservera engavlinga på. Forsøka viser at dyra liker både surfôr og høy. Dei viser også at kvaliteten på avlinga når ho vert hausta inn, og det at konserveringa er god slik at kvaliteten held seg ved lagring, er viktigare enn om dyra får høy eller surfôr.

Dersom grovfôret skal brukast utandørs eller i uisolerte hus om vinteren, kan det vera ein fordel med høy.

Vi må hindra uønskt nedbryting

For å konservera engavlinga og hindra at bakteriar og sopp får utvikla seg, må vi ha kunnskap om korleis desse organismane lever og fungerer. Vi må ta i bruk dei tiltaka som på beste og rimeligaste måte «gjer livet surt» for dei.

Gode verkemiddel vi kan bruka, er å

  • hindra tilgang til vann.
  • stengja tilgangen av oksygen
  • justera surleiksgraden – pH – i omgivnadene
  • gjera nytte av mikroorganismar som gir liten skade, til å konkurrera ut dei som er skadelege
  • regulera temperaturen (men lite brukt under norske forhold)
  • kombinera dei fire første tiltaka som er nemnde ovanfor

Tidlegare var den mest vanlege konserveringsmåten å tørka avlinga til høy. Det gjer vi ved å tørka avlinga medan ho ligg på bakken, å hengja opp graset på hesjar, å stabla graset opp i såtar eller haugar, og ved å køyra avlinga inn på låven og tørka ho der.

Dersom vi lykkast med å få graset tørt, utan at det kjem regn på det, gir det god lagring. Høy kan halda seg over fleire år, særleg dersom vi strør å litt salt, som dreg ut det som måtte vera att eller koma til av fukt.

Metodar for å produsera surfôr

Lagrar vi engavlinga på ein slik måte at det ikkje kjem til luft, sørgjer vi for å gi dårlege livsvilkår til mange bakteriar og soppar som er avhengige av oksygen for å veksa. Dette utnyttar vi når vi lagrar avlinga i tårnsiloar, i plansiloar eller i rundballar. Tidlegare var det mest vanleg med tårnsiloar, men etter kvart har rundballar teke over i større grad.

Når avlinga vert stengd inne, følgjer det med litt luft, men ho vert brukt opp etter kort tid, og då døyr dei organismane som må ha luft. Det er sjølvsagt avgjerande at siloen eller rundballen er tett og ikkje slepper inn luft. Engavling som vert konservert på denne måten, vert kalla surfôr, silofôr eller berre silo.

På norsk bruker vi ordet silo, som vi har fått frå engelsk. Det betyr lagringstank, og det vart vanleg å bruka silo om tårnsiloar der gras vart lagd i silo. Å ensilera betyr å leggja i silo. Surfôr er eit viktig fôrmiddel, og tilfører om lag halvparten av energien som norske mjølkekyr treng.

Finn ut meir:

  • Kor stor del av den totale fôrmengda utgjer surfôret i norsk mjølkeproduksjon?
  • Kor stor del utgjer surfôret for ei besetning du kjenner godt?
  • Nemn fordelar og ulemper ved å konservera engavlinga i rundballar.

Det finst mange filmar av innhausting på internett:

Denne filmen viser hausting av gras som vert lagt i rundballar

Høsting av gras som legges i plansilo

Tilsetjing av syre i fôravlinga

For å få senka pH-verdien i fôravlinga raskt og effektivt etter hausting kan vi tilsetja ulike typar syre. Maursyre er mye brukt, men vi kan også bruka andre former for syre til å senka pH-verdien. Preparat som vert brukte til dette, kallar vi ensileringsmiddel. Dei ulike midla som finst på marknaden, har ulik pris og gjerne både fordelar og ulemper i praktisk bruk. Her gjeld det å velja det som passar best, og som gir best økonomisk resultat.

Vi kan også bruka andre typar tilsetjingar som stimulerer til auka produksjon av syre. Uansett svarer det seg nesten alltid å ta kostnaden med å bruka ensileringsmiddel, sidan det gir betre konservering av engavlinga enn om vi ikkje bruker slike middel.

Finn ut meir:

  • Vel ut to ensileringsmiddel du kjenner til, og finn ut kva dei innehelder.

Fortørking

Når vi har høve til det, kan det vera aktuelt å fortørka engavlinga før ensilering. Ferskt gras inneheld vanlegvis 15 til 20 prosent tørrstoff. Ved fortørking kan vi auka dette til 25 til 30 prosent eller meir. Då reduserer vi også avrenninga frå siloen, og gjæringa går lettare.

Dersom vi tilset ensileringsmiddel når vu haustar den fortørka avlinga, kombinerer vi alle dei fire aktuelle metodane som fremjar lagringa av engavlinga. Vi avgrensar tilgangen på vatn og luft, samtidig som vi senkar pH-verdien direkte ved å tilsetja syre og indirekte ved å stimulera bakteriar som gir gunstig gjæring.

Å satsa på fortørking kan vera risikabelt med det ustabile klimaet vi har her i landet, for dersom det kjem regn til før vi får samla inn avlinga, kan ho verta skadd. Men dersom vi lykkast med fortørking før ensilering, har det vist seg at dette er ein effektiv metode – som også gir eit fôr dyra set pris på.

Diskuter:

  • Drøft fordelar og ulemper ved fortørking av engavlinga før ensilering.

Val av ensileringsmetode

Det er mange omsyn å ta når vi skal velja metode for å konservera engavlinga. Tilgangen på arbeidskraft, maskinar og teknisk utstyr til innhausting og til praktisk fôring er viktig. Dessutan må vi leggja vekt på at fôret vert godt og smaksrikt for dyra, og at fôret ikkje vert ureina med jord slik at vi får sporar i mjølka.

Alle konserveringsmetodane fører til at noko av næringsinnhaldet i avlinga går tapt, men det er viktig å gjera jobben raskt og effektivt, og slik at tapet vert minst mogleg. Ikkje minst må vi ta omsyn til helse, miljø og tryggleik både når vi bruker maskinene og tilset syre som ensileringsmiddel, og for å unngå fallulykker i tårnsiloar.

Finn ut meir:

  • Gjer greie for innhaustingsmetoden for engavlinga på en gard du kjenner godt.
  • Forklar kvifor dei bruker denne metoden, og vurder om det kunne ha vore gjort på anna vis.

Læringsressursar

Dyrking av eng og fôrvekstar

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter