Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. Agronom – plantedyrkingChevronRight
  5. Dyrking av eng og fôrvekstarChevronRight
  6. RotvekstarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Rotvekstar

Utanom grasmark til slått og beite er det mogleg å dyrka andre vekstar som fôrvekstar. Vi deler fôrvekstane inn i rotvekstar og grøntfôrvekstar.

Nepe. Foto
Nepe

Du kan lesa meir om grøntfôr her

Rotvekstar er i dag lite brukte til fôr. Det kjem truleg av at det krevst ein relativt stor arbeidsinnsats både for å dyrka dei og for å fôra dei til dyra. Som fôrvekst bør vi likevel ta dei med her, sidan dei har sidan kvalitetar – dei gir gode avlingar og er velsmakande. Dyra er svært glade i rotvekstar som avveksling til kraftfôr og grasfôr. Nepe vert også dyrka som grøntfôr til direktefôring eller beiting.

Nepe og kålrot

Av rotvekstar har vi nepe, kålrot og bete. Dei to første høyrer til dei krossblomstra vekstane, og det er dei vi bruker ein del av til fôr. Bete er lite aktuell som fôrvekst. Ho krev så mykje varme at det berre er i dei beste strøka i Sør-Norge det er mogleg å dyrka ho fram til fullvakse stadium.

Derfor er nepe og kålrot dei rotvekstane det er vanleg å dyrka til fôr i Noreg.

Utfordringar

Kålfluge:
Det er svært få kjemiske middel tilgjengeleg til bruk mot kålfluga. Dei seinare åra er det utvikla eit gjerde (1,7–2,0 m høgt) som er svært effektivt mot kålfluga, sidan ho ikkje flyg høgare enn éin meter over bakken.

Kålmøll:
Kålmøllen kan i varme år ha ei eksplosiv formeiringsevne, og han kan gjera stor skade på krossblomstra vekstar.

Stokkrenning:
Stokkrenning kan vera plagsamt i kjølige strøk med låg temperatur særleg om våren. Dei toårige krossblomstra vekstane trur dei har gjennomlevd ein vinter, og dei set frøstenglar allereie det første året når dei eigentleg skal samle opplagsnæring til frøformeiringa året etter.

Ugras:
Ugras kan vera eit problem. Vi manglar effektive middel til bruk i felt med krossblomstra vekstar, sidan mange av ugrasartane også er krossblomstra. I tillegg har rotvekstane open vekst på våren og forsommaren. Det vil seia at dei ikkje dekkjer jorda heilt, og ugraset får då både plass og lys til å veksa.

Klumprot:
Klumprot er ein alvorleg sjukdom forårsaka av ein sopp. Vekstskifte og kalking er gode tiltak mot klumprot, i tillegg er god hygiene med desinfeksjon av reiskapar og lager viktig.

Lagring

Rotvekstar lagrar best ved 0 gradar og med 95 prosent relativ luftfukt. Isolerte eksisterande rom i driftsbygning eller kjellar gir ein rimeleg lagerplass. Det har også vore tradisjon for å lagra kålrot i «kule» på marka, isolert med ventilasjon.

Hugselappen

Rotvekstar kan dyrkast som fôr.

I Noreg er det aktuelt å dyrka rotvekstane kålrot og nepe.

Rotvekstar kan gi gode og velsmakande avlingar, men det kan vera arbeidskrevjande å dyrka dei.

Læringsressursar

Dyrking av eng og fôrvekstar

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter