Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. Agronom – plantedyrkingChevronRight
  5. Dyrking av eng og fôrvekstarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Gras- og engbelgvekstar

I enga veks grasartar i rein bestand, eller vi dyrkar ei blanding av grasartar eller engbelgvekstar for å skaffa dyra våre fôr gjennom vinteren.

På beiteareal dyrkar vi ei blanding av grasartar og/eller engbelgvekstar som eignar seg for beiting i sommarhalvåret. Vi pussar gjerne beitet mellom avbeitingane for å hindra ugras i å etablera seg, og for å fremja busking av graset og fornya vekst.

Vi kan også dyrka grønfôrvekstar for beiting eller hausting. Grønfôr er eittårige vekstar.

Du kan lesa meir om grønfôr her

Ulike artar

I eng som vert hausta til fôr, vert det stort sett brukt norske frøblandingar der artane timotei, engsvindel og raudkløver dominerer. Fleirårig raigras er også viktig til slik eng. Til beite dominerer artane engrapp og kvitkløver. Raigras vert i hovudsak brukt til grønfôr eller eittårig eng og beite.

Kva artar og kva sortar vi dyrkar av dei ulike artane, varierer med vekstforholda, kvar vi er i landet, og kva slags fôr vi ønskjer.

Timotei

Timotei er den viktigaste fôrplanta vår. Timotei er ein art. Av denne arten kan vi kjøpa ulike sortar. Dei enkelte sortane har ulike eigenskapar. Det vert heile tida forska for å utvikla best mogleg sortar. Den mest kjende sorten av timotei heiter Grindstad. Det er ein hundre år gammal sort. Her kan du lesa meir om Grindstad timotei og korleis arbeidet med å utvikla sorter går føre seg:

Grindstad timotei

Læringsressursar

Dyrking av eng og fôrvekstar

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter