Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. Agronom – plantedyrkingChevronRight
  5. Dyrking av eng og fôrvekstarChevronRight
  6. Ugras i grasmarkChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ugras i grasmark

Ugras i grasmark konkurrerer med kulturplantene om plass, lys, vatn og næring. Mykje ugras i enga gjer både avlinga og kvaliteten på avlinga dårlegare, og det gir dårlegare økonomisk utbyte. Det er viktig å kjenna dei ulike ugrasartane og å kunna setja inn rette tiltaka for å halda enga i god stand.

Vi skil mellom fleirårige ugrasartar og dei ugrasartane som spirer frå frø i attlegget, og som gjerne døyr første eller andre hausten. Dei ugrasartane som spirer frå frø, er ofte dei vi finn att i kornåkeren, medan dei fleirårige – som anten har spirt frå frø i jorda eller frå vegetative plantedelar – ofte dominerer i grasmark.

Du kan lese mer om forskjellen på ettårige- og flerårige ugras her.

Kjemisk plantevern

I attleggsåret er det som oftast nødvendig å bruka kjemisk plantevern for å få den varige grasmarka til å etablera seg godt. Alternativet er å bruka dekkvekst (f.eks. korn eller raps) for å halda ugraset nede til graset får etablert seg.

Forutan eit par vintereittårige og toårige ugrasartar er det i hovudsak dei fleirårige ugrasartene vi kan få problem med i grasmarka. På grunn av måten dei veks på, kan somme ugrasartar få visse fordelar i forhold til kulturgraset, for eksempel krypsoleie (fuktige forhold), tunrapp og knereverumpe (fuktig og pakka jord).

Dei tofrøblada ugrasartane kan (i motsetnad til dei einfrøblada) forholdsvis enkelt nedkjempast kjemisk om dei tek overhand i grasmarka. Det er vanskeleg å handtera ugrasartar i grasfamilien, sidan vi ikkje kan behandla dei kjemisk i eng og beite. Dette er artar som sølvbunke, tunrapp, knereverumpe og kveke. Kjemiske middel drep også kulturplantene vi dyrkar. Det er derfor viktig å førebyggje ugras i størst mogleg grad.

Er det grasartar nok i enga, kan vi få ei vellykka kjemisk behandling dersom ikkje kalktilstand, næringstilgang eller vasstilgang er minimumsfaktorar.

Førebyggjande tiltak

Dersom vi ønskjer å unngå å sprøyta med kjemiske middel, er det heilt nødvendig med gode og effektive førebyggjande tiltak for å få ei god og sikker etablering i grasattlegget. Slike tiltak er:

  • godt drenert jord
  • rett kalktilstand
  • god jordarbeiding (pløying, slodding og harving) som gir eit godt såbed
  • grunn såing, 1–2 cm
  • hindra at frø spreier seg frå kantareal og gjennom husdyrgjødsel
  • bruka dekkvekst med redusert såmengd

Godt plantedekke med robuste kulturplanter i engåra er den beste måten å halda ugraset i sjakk på.

Diskuter følgjande spørsmål:

  • Kva er årsaka til at det ofte er andre typar ugras i ei grasmark enn i for eksempel ein kornåker?
  • Kva slags ugras er mest vanleg i grasmark i distriktet rundt skulen?

Læringsressursar

Dyrking av eng og fôrvekstar

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter