Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. Agronom – plantedyrkingChevronRight
  5. Dyrking av potetChevronRight
  6. Historia til potetaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Historia til poteta

Poteta er ei av dei eldste kulturplantene i verda. I Sør-Amerika hadde folk dyrka potet i kanskje 10 000 år då europearane kom til kontinentet.

Mesteparten av Vest-Europa hadde fått kjennskap til poteta rundt 1600. Mange syntest ho var spennande reint botanisk, og somme brukte ho som prydplante. Botaniske hagar både i Sverige og Danmark presenterte poteta som ein amerikansk kuriositet i 1658, skriv botanikar Eva Mæhre Lauritzen i boka «Seks planter som forandret verden».

I dag kallar dei fleste potet for nettopp «potet», sjølv om somme også seier «eple» eller «jordeple». Men då knollen først kom til landet, hadde han mange namn: «kartoffel», «potatos», «patatos» og «kartuflar».

Det nye, potetrike kosthaldet betra folkehelsa og sette fart på folketalet. Dødstala gjekk ned, medan fødselstala gjekk opp – så mykje at somme meinte at kvinner vart vel fruktbare av potet. Frå 1822 til 1890 vart folketalet dobla, frå éin til to millionar menneske. Befolkningsveksten var igjen éin av grunnane til at mange nordmenn utvandra til Amerika.

I dag har forbruket av potet i Noreg gått ned, og vi er eit av dei landa i Europa som et minst poteter.

Test deg sjølv: Kva kan du om historia til poteta?

Læringsressursar

Dyrking av potet

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter