Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. Agronom – plantedyrkingChevronRight
  5. Dyrking av kornChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fakta om korn

Kornartane høyrer til grasfamilien. Dei vert dyrka på grunn av dei store, næringsrike frøa sine som inneheld mykje stivelse og ein del protein. Kornartane er dei viktigaste vekstane vi har, og vi bruker dei både til mat og fôr.

Innhold mangler.

Mat og dyrefôr

Du kan lesa meir om korn som matvare her: Brød og kornvarer

Korn er ein viktig ingrediens i kraftfôret vi gir til dyra. Korn kan også krossast, det vil seia at vi knuser det og gir det som dyrefôr. Noko korn vert også hausta som grøntfôr før det er moge. Dette kan du lesa meir om i artiklane om husdyrproduksjon.

Korndyrking i Noreg

Det har vore dyrka korn i Noreg sidan steinalderen. Dei eldste funna av kveite og bygg i Noreg er 4000–4500 år gamle.

I Noreg dyrkar vi i hovudsak kornartane bygg, kveite, havre og rug. Bygg og kveite er dei kornartane det vert dyrka mest av.

Det vi importerer av korn, er i hovudsak ulike spesialsortar av kveite (for eksempel durumkveite brukt til spagetti og pasta) og kvalitetar som ikkje kan dyrkast i klimaet vårt.

Her finn du meir fakta om kor mykje korn vi dyrkar i Noreg, og kvar det vert dyrka korn: Korndyrking i Norge

Meir om matkorn

Bakeevna varierer med kornsortane og er knytt til gluteninnhaldet i kornet. Gluten gjer deigen seig og smidig og bind væske godt.

Kontrollen med matkornet er streng i Noreg. Matkorn må tilfredsstilla fleire minimumskrav som styresmaktene har fastsett, og tilleggskrav som er nedfelte i avtalar mellom aktørane i verdikjeda korn–mjøl–bakarvarer.

Alt matkorn som vert levert til kornmottak i Noreg, går gjennom fleire visuelle kontrollar og undersøkingar i laboratorium. Det vert også gjennomført systematiske stikkprøver i alle ledd i verdikjeda for å sikra at sluttproduktet har ønskt kvalitet.

Film: Mjøl – frå råvare til produkt

Mjøl – frå råvare til produkt

Læringsressursar

Dyrking av korn

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Kornartar

  • SubjectMaterialFagstoff

    Vel sunt korn

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter