Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. Agronom – plantedyrkingChevronRight
  5. Dyrking av kornChevronRight
  6. Korndyrking i NoregChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Korndyrking i Noreg

Her kan du lesa om kor mykje vi dyrkar av dei ulike kornartane i Noreg, kvar kornet vert produsert, og korleis kornproduksjonen i Noreg har utvikla seg dei siste åra. Det eit viktig mål å auka matkornproduksjonen i takt med befolkningsauken.

I Noreg dyrkar vi i hovudsak bygg, kveite, havre og rug.

Det vert dyrka mest bygg, med kveite som ein god nummer to. Havre står for litt under ein firedel av det produserte volumet, medan rug totalt sett berre utgjer ein liten del av den totale mengda korn som vert dyrka.

I 2014 vart det produsert 1 168 000 tonn korn i Noreg.

Dei tre største kornfylka er Akershus, Østfold og Hedmark. Klima og dyrkingsforhold gjer at vi ikkje kan dyrke korn over heile landet. I Nord-Noreg og på Vestlandet vert det ikkje produsert korn til modning, og korn vert heller ikkje dyrka oppe i fjellområda.

Mange år med vekst og framgang gjorde oss nesten sjølvforsynte med dei sortane vi kunne dyrka i Noreg. Årsaka til det var at vi fekk betre sortar, meir kunnskap og betre dyrkingsteknikk. I tillegg var det lønnsamt nok til å motivera kornprodusentane.

Etter at arealet for korn nådde ein historisk topp i 1991, snudde det. No er kornarealet redusert med ein firedel, eller 750 000 dekar, og utgjer i dag mindre enn tre millionar dekar.

I landbruks- og matmeldinga til regjeringa frå 2014 er det eit viktig mål å auka matkornproduksjonen i takt med befolkningsauken. Det er ønskjeleg å auka kornproduksjonen med 20 prosent.

Finn ut meir!

1. Vert det dyrka korn i heimfylket ditt? Kva kornslag vert dyrka? Dersom det ikkje vert produsert korn: Kva er årsaka til det?

2. Vert det produsert korn i heile heimfylket ditt? I kva delar av fylket vert det dyrka korn?

3. Kva kornslag vert dyrka i området der du bur? Snakk med læraren, lokale bønder eller landbrukskontoret i kommunen.

Her er lenkje til talmateriale:

Totalavling av ulike kornslag per fylke

Læringsressursar

Dyrking av korn

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Vel sunt korn

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter