1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. Agronom – plantedyrkingChevronRight
  5. Dyrking av kornChevronRight
  6. Ugras i kornåkerChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ugras i kornåker

Kornartane tilhøyrer grasfamilien. Dei vert dyrka på grunn av dei store næringsrike frøa, som inneheld mykje stivelse og ein del protein. Kornartane er dei viktigaste vekstane vi har, og dei vert brukte både til mat og fôr.

Om du treng å repetere generelt stoff om ugras, finn du det her:: ugras

Tiltak for å førebyggje ugras i korn

Jordarbeiding

I dei fleste kulturar finn vi dei mest problematiske av dei fleirårige ugrasartane: for eksempel artar med underjordiske stengelutløparar og rotutløparar. Det er umogleg å verta kvitt desse ugrasartane gjennom jordarbeiding, for dei spirer frå dei oppkutta stenglane og jordutløparane. Kveke er eit slikt ugras.

Reduserer vi jordarbeidinga i korndyrkinga, kan vi få større problem med artar som ikkje er problematiske i pløgd åker. Køyrer vi på ulagleg jord (jord som er for fuktig), skaper vi gode vilkår for enkelte fleirårige ugras som er avhengige av fuktig jord for å spreia seg, for eksempel tunrapp.

Vekstskifte

Vekstskifte er viktig for å verta kvitt ugraset. Dyrkar vi éin bestemt kulturvekst fleire år etter kvarandre, kan det skapa gode vekstvilkår for ugras som det er vanskeleg å kjempa mot i den kulturen. Dyrkar vi derimot korn i eit samansett vekstskifte, er det vanskelegare for dei ulike ugrasartane å formeira seg så kraftig som ved einsidig dyrking.

I korndyrking generelt kan vi også ha fleirårige ugras. Måten vi driftar åkeren på, spelar inn her. I tillegg kan dei ugrasartane vi ønskjer å verta kvitt, vera resistente mot dei kjemiske plantevernmidla vi bruker. Då må vi bruka andre middel for å få bukt med problemet.

Gode forhold for kulturplantene

Alt som skaper dei beste vilkåra for kulturplantene og mikrolivet i jorda, aukar konkurranseevna til kulturplantene mot ugraset. Viktig her er rett jordarbeiding, god kalktilstand, god drenering, balansert gjødsling og minst mogleg pakking med tunge maskiner og reiskapar, særleg på fuktig jord. Kvaliteten på såfrøet er også viktig, det bør innehalde minst mogleg ugrasfrø.

Mekanisk og kjemisk kamp

Vi kan kjempa mot mange av dei sommareittårige og vintereittårige ugrasartane gjennom ugrasharving. Dette må gjerast på rett tidspunkt – både når det gjeld storleiken på ugraset, tilstanden i jorda og vêret – slik at plantene tørkar ut når dei er rivne laus frå jorda. Når vi kjempar mot ugraset mekanisk, kan vi i stor grad redusera bruken av kjemiske middel.

Skal vi lykkast i kampen mot ugraset, må vi kjenna att dei ulike ugrasartane, vi må kjenna biologien, utsjånaden og eigenarten deira. Dette er særleg viktig for å kunna vita på kva stadium det er best å bruka mekaniske metodar, og for å finna det beste tidspunktet for å sprøyta med kjemiske middel. Denne kunnskapen kan du tileigna deg her på sidene til NDLA, i plantevernkatalogar, på heimesidene til Bioforsk og fleire andre stader.

Ugrasproblema varierer mellom ulike kulturar

Kva kultur vi dyrkar, har mykje å seia for kva typar ugras vi får problem med.

I vårkorn er det dei sommareittårige ugrasartane som dominerer, men også vintereittårige og fleirårige artar kan gjera seg gjeldande. Jordarbeidinga set dei i spiremodus, det vil seia at dei får dei rette mengdene lys frå overflata til å spira. Jorda er ein frøbank av ulike ugrasartar som slår til når forholda for spiring og vekst er gode.

I haustkorn er innslaget av sommareittårige ugrasartar mindre, men der har vi desto meir av dei vintereittårige artane og den toårige balderbråen.

Undersøk

Kartlegg ein kornåker og finn ut om det er ugras der. Bruk ein åker på skulen eller be ein bonde i nærleiken om løyve til å undersøkja eit jorde.
  1. Finn de ugras?
  2. Bruk presentasjonen øvst på sida, oppslagsbøker eller nettsider og finn ut kva artar det er.
  3. Snakk med bonden som driv jorda, og finn ut kva som er gjort for å førebyggja og verta kvitt ugras på jordet. Er det behov for fleire tiltak mot ugras?
  4. Avtal med læraren om de skal dokumentera kartlegginga de har gjort. Mal for dokumentasjon finn de her: Dokumentasjonsverktøy

Ugrasleksikon til hjelp i arbeidet:

Korsmos ugrashage

Plantevernleksikon

Læringsressursar

Dyrking av korn

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Kornartar

  • SubjectMaterialFagstoff

    Vel sunt korn

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter