1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. Agronom – plantedyrkingChevronRight
  5. Arealmål vi bruker i landbruketChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Arealmål vi bruker i landbruket

Kulturlandskap. Foto
Kulturlandskap med åker og eng i ulike storleikar og fasongar

Arealmål vi bruker i landbruket

I landbruket opererer vi med andre mål for areal enn dei vi elles bruker innanfor det metriske systemet. Det er fordi det ofte er snakk om store areal, og fordi måleeiningane er godt innarbeidde i næringa.

I daglegtale bruker vi arealmålet mål synonymt med arealmålet dekar (da). Eit dekar er definert til 1000 m2 og er ei offisiell norsk måleeining i «Forskrift om måleenheter og måling».

Illustrasjon av et dekar. Tegning
Dekar

Dekar (forkortet daa, nokre gonger da) kjem av deka, som er 10, og ar, som er 100 m2. Noreg er eit av få land som enno bruker dekar som arealmål i landbruket. I andre land bruker dei hektar, som betyr 100, og ar, som er 100 m2. 1 hektar er 10 000 m2.

Historiske arealmål

I 1875 vart det metriske systemet innført i Noreg (SI-systemet). Før denne tida var lengdeeiningar som tomme, fot, alen og famn vanlege omgrep. I landbruket brukte ein gjerne eininga «mål». 1 mål var definert som ¼ «tønneland» eller 10 000 fot. 1 fot var ved lov av 1824 definert til 31,375 cm. Rekna om til SI-standarden i dag er derfor 1 mål lik 984,39 m2. Eit mål eller ein mæling er ikkje offisielle måleeiningar.

Å berekne storleiken på eit jordstykke

Det er viktig å kunne rekna ut storleiken på eit jordstykke eller ein jordteig. Vi må vita arealet for å kunna berekna kor mykje gjødsel, såfrø eller kalk som skal til. Det er ikkje alltid vi har ein GPS for handa. Når du skal berekne areal, får du bruk for det du har lært i matematikk.

Treng du å repetera arealrekning? Gå til:

Modul 7: Areal