Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. TeknikkChevronRight
  5. BygningarChevronRight
  6. Hus til verpehønsChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Hus til verpehøns

I tidligare tider var verpehøner vanleg på dei fleste gardar. I eit lite hus eller rom i fjøset var det plass til nokre høner. Det var gjerne knytt til ein luftegard, slik at hønene kunne koma ut. Hønene levde eit fritt liv, tilpassa den naturlege åtferda deira

.

Moderne eggproduksjon. Foto.

Moderne eggproduksjon er svært spesialisert. Mange produsentar har i dag 7500 verpehøner, som er konsesjonsgrensa.

Miljøinnreiing – høner i bur

Høner kan haldast i bur eller vera frittgåande. Miljøinnreiingar er nettingbur med fleire avdelingar. Dei er større og gir meir plass til kvar høne enn gamle burinnreiingar. Det er vanleg med sju høner i kvart bur, men bura kan også vera større.

Bura er innreidde med reir, verpekasser, slik at hønene kan gøyma seg bort når dei skal leggja egg. Der er eit areal med sand der hønene kan bada og reingjera seg, og der er vaglar – sitjepinnar – med plass til alle hønene. Innreiinga skal leggja til rette for den naturlege åtferda til høna.

Frittgåande høner

Frittgåande høner er høner som får gå i store rom der det kan vera fleire tusen høner til saman. Det skal ifølgje forskrifta vera maksimalt ni høner per m2. På golvet skal det vera strø som hønene kan sparka i. Hønene legg egg i verpekasser.

Ofte er det fleire etasjar i rommet. Der er vaglar som hønene kan sitja på. Det er trygt å sitja tett saman, og dei liker å sitja høgt om natta. Hønene skal ha fri tilgang til vatn og kraftfôr. Dei drikk av drikkeniplar som er plasserte i rommet, og dei får kraftfôr frå eit automatisert anlegg.

Økologisk eggproduksjon

Økologiske høner er også frittgåande, men dei skal i tillegg ha høve til å koma ut i dagslys. Det skal vera maksimalt åtte høner per m2, altså har økologiske høner litt større plass.

Der er ca. fire millionar verpehøner i Noreg. Av desse er 55 prosent frittgåande, 40 prosent vert haldne i miljøinnreiingar, og ca. 5 prosent av hønene er økologiske.

Krav til miljøstyring

Lys og temperatur er viktig i eggproduksjonen, og miljøet vert kontinuerleg overvaka. Bygningane har vanlegvis ikkje vindauge, slik at alt lys er kunstig og regulert i syklusar på 24 timar. Det skal vera minimum åtte timar ubrote mørke i løpet av 24 timar.

Det er krav om alarm som varslar dersom temperaturen vert for høg eller for låg, og dersom konsentrasjonen av farlege gassar vert for tett. Om noko sviktar, kan temperaturen verta kritisk høg på kort tid, med massedød som resultat. Varsling bør skje via mobiltelefon til ein kunnig person.

Det er krav om nødstraumsaggregat som koplar inn ved straumstans, slik at ventilasjonsviftene ikkje stoppar. Ventilasjon kan også skje gjennom opne piper. Det er fastsett krav til når alarmen vert utløyst eller nødstraumsaggregatet koplar inn.

Hugselappen

Høner treng stabil temperatur.

Det skal vera minst åtte timar mørke i døgnet.

40 prosent av norske høner bur i miljøinnreiing.

55 prosent av norske høner er frittgåande.

Det er krav om miljøovervaking i hønsefjøs.

Hønsehald ver regulert av forskrift om hold av høns og kalkun.

Læringsressursar

Bygningar

SubjectEmne

Fagstoff